Geir Sverre Braut

norsk lege

Geir Sverre Braut (fødd 16. januar 1955) er ein norsk lege som sidan 1985 har vore tilsett i den statlege helseforvaltinga. Frå 2014 er han seniorrådgjevar ved Stavanger universitetssjukehus og professor i helsefag ved Høgskolen Stord/Haugesund. Braut bur på BryneJæren.

Geir Sverre Braut

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. januar 1955 (69 år)
Yrke lege

Braut var assisterande fylkeslege i Rogaland frå 1985 til 1994 og fylkeslege i Rogaland frå 1994 til 2001, avbrote av eit engasjement i Sosial- og helsedepartementet (1999). Han fungerte som fylkeslege i Telemark (2001). Han var assisterande direktør i Statens helsetilsyn i perioden 2001 – 2013. Han har tidlegare hatt deltidsstillingar som lektor (helseadministrasjon) ved NHV og som førstelektor II ved Høgskolen Stord/Haugesund (helse- og tryggleiksfag).

Braut er cand. med. frå Universitetet i Oslo (1980) og godkjent spesialist i samfunnsmedisin (1997). Han har folkehelseutdanning frå Nordiska hälsovårdshögskolan (NHV) i Göteborg (1991).

Han har dessutan følgjande verv:

  • Norsk forum for helserett - medlem av styret, styreleiar frå 2007
  • Lærdals fond for akuttmedisin – leiar av fondsstyret
  • Norsk selskap for gjenoppliving AS - styremedlem

Nokre tidlegare verv:

I 2020 vart han tildelt prisen Årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum.

Bakgrunnsstoff endre