Georg Vilhelm Pauli (2. juli 185528. november 1935) var ein svensk målar, særleg kjend for sine store, dekorative måleri. Også kona hans, Hanna Hirsch-Pauli, var målar.

Georg Pauli
Georg Wilhelm Pauli - from Svenskt Porträttgalleri XX.png
Fødd 2. juli 1855
Jönköpings Kristina församling
Død

28. november 1935
Botkyrka församling

Yrke kunstmålar, forfattar

Liv og gjerningEndra

Pauli var fødd i Jönköping, der far hans var apotekar. På 1870-80-talet studerte Pauli ved Konstakademien i Stockholm, sidan i Paris og Italia. Han gjorde elles mange studiereiser til utlandet.

 
Del av veggmåleriet Åldrar og Årstider

Pauli arbeidde mykje med utsmykkingsoppgåver. Han laga såleis freskar i Göteborg gamla museum, Södermalms läroverk og på Östra Real i Stockholm. I Per Brahegymnasiet i Jönköping forma han i 1913-14 kubistisk-liknande veggmåleri som i samtida vekte stor debatt, grunna dei nakne mannekroppane. Liknande arbeid finst i Stockholms stadshus, samt i Kungliga Dramatiska Teatern i Stockholm. Pauli laga også veggmåleri i Handelsbanken sitt hovudkontor i Stockholm, samt nokre små, fine veggbilete for prins Eugen på Waldemarsudde.

Til liks med fleire av dei unge svenske målarane som debuterte på 1880-talet, høyrde Pauli til kunstnargruppa Opponenterna. Han skreiv ein heil del om kunsthistorie, mellom anna Ernst Josephson (1903 og 1914), Konstnärslif och om konst (1913), I Paris, nya konstens källa (1915), Väggmåleri (1920), samt Prins Eugen (1925). Åra 1917-21 gav Pauli ut tidsskriftet Flamman.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Georg Pauli