Georg Stang

norsk politikar

Georg Stang (fødd 17. februar 1858 i Christiania, død 11. september 1907 i Kristiania) var ein norsk offiser og politikar for Venstre.[1] Han var forsvarsminister i Regjeringa Steen II frå 6. november 1900 til 21. april 1902 og i Regjeringa Blehr I frå 21. april 1902 til han fekk avskjed 9. juni 1903.[2][3] Hausten 1903 vart Stang utnemnd til oberst og kommandant på Oscarsborg festning.

Georg Stang

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. februar 1858
Kongsvinger kommune, Christiania
Død

11. september 1907 (49 år)
Oslo

Yrke politikar
Politisk parti Venstre
Far Jacob Stang
Mor Anna Stang
Georg Stang på Commons

Stang var son av Anna og Jacob Stang.[1] Han er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Per Fuglum. «Georg Stang». Norsk biografisk leksikon. Henta 14. november 2017. 
  2. «Johannes Steens andre regjering». Regjeringa.no. Henta 14. november 2017. 
  3. «Otto Blehrs første regjering». Regjeringa.no. Henta 14. november 2017.