George Paget Thomson

britisk fysikar

Sir George Paget Thomson (3. mai 189210. september 1975) var ein engelsk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1937 saman med Clinton Joseph Davisson «for den eksperimentelle oppdaginga deira av elektronavbøying i krystall».[1]

Sir George Paget Thomson
George Paget Thomson.jpg
Fødd3. mai 1892
Cambridge i England
Død10. september 1975 (83 år)
Cambridge i England
NasjonalitetBritisk
Områdefysikk
Yrkefysikar, kjernefysiker, universitetslærar
InstitusjonarImperial College London
University of Aberdeen
Alma materUniversity of Cambridge
DoktorgradsrettleiarJohn William Strutt
DoktorgradsstudentarIshrat Hussain Usmani
Kjend forElektronavbøying
EktefelleKathleen Buchanan Adam Smith
BarnJohn Thomson, [Caroline] Rose Buchanan Thomson, Lieut. Com. David Paget Thomson, [Lilian] Clare Thomson
MedlemRoyal Society
American Academy of Arts and Sciences

BiografiEndra

Han var i 1922 professor i Aberdeen, og frå 1930 til 1952 ved Imperial College i London. Frå 1952 til 1962 var han master of Corpus Christi College i Cambridge. I 1927-1928 påviste han bøying av elektronstråler i krystall og stadfesta dermed teorien til de Broglie om materiebølgjer. For dette arbeidet fekk han saman med amerikanaren C. J. Davisson Nobelprisen i fysikk for 1937. Thomson vart i 1940 formann for den britiske regjeringa sin første komité for for kjerneenergi, Maud-komiteen, og oppretta samarbeidet med USA om utviklinga av atombomba. I 1946 starta han nokre av dei første forsøka på kontrollert fusjon.

Han var son av fysikaren og nobelprisvinnararen J. J. Thomson.

Prisar (utval)Endra

KjelderEndra

  1. «Nobelprisen i fysikk 1937» (engelsk). Nobelprize.org. Henta 22. februar 2012.