Sir George Rooke (165024. januar 1709) var ein engelsk marinekommandant som var flåteadmiral i Royal Navy. Han er kjend for å tenesta si i krigar mot Frankrike og vert i dag særleg hugsa for sigeren i Vigobukta og for erobringa av Gibraltar for britane i 1704.

George Rooke

Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia
Fødd 1650
Canterbury
Død

24. januar 1709 (58 år)
Canterbury

Yrke offiser, politikar
Språk engelsk
Ektefelle Catharine Knatchbull
George Rooke på Commons

Tidleg liv endre

Rooke vart fødd i St Lawrence nær Canterbury i 1650.[1] Han gjekk inn i marinen som frivillig i 1672, og tente i dei nederlandske krigane og vart kommandant i 1673.[1]

Han vart kontreadmiral i 1690 og kjempa i Slaget ved Beachy Head.[1]

I mai 1692 tente han under Russell i slaget ved Barfleur, og utmerkte seg stort i eit nattåtak på den franske flåten ved La Hogue, der han klarte å setje tolv av skipa deira i brann.[1] Han vart slått til riddar kort tid etter.[1]

I 1693 kommanderte han Smyrna-konvoien, som vart spreidd og delvis teken av den franske admiralen Tourville nær Lagosbukta.[1]
I 1696 vart han utpeikt til flåteadmiral. Fram til freden i Rijswijk (1697) tente han i Den engelske kanalen og Middelhavet. Han kommanderte det nederlandsk-engelske åtaket på København i samarbeid med den svenske flåten under admiral Hans Wachtmeister i 1700, som tillet kong Karl XII av Sverige og armeen hans til å gå i land i Danmark i starten av den store nordiske krigen.[1]

Den spanske arvefølgjekrigen endre

Då den den spanske arvefølgjekrigen braut ut i 1702, kommanderte han eit mislukka tokt mot Cádiz, men på veg heim øydela han den spanske skatteflåten i slaget ved Vigobukta, som han Parlamentet takka han for.[1]

Han kommanderte den allierte marinestyrken i erobringa av Gibraltar i juli 1704,[1] og vart den militære guvernøren på Gibraltar frå 24. juli til 4. august.

Den 13. august 1704 gjekk han til åtak på den franske flåten utanfor Málaga, slaget enda taktisk uavgjort, men var ein stor strategisk siger i å støtte dei allierte i Gibraltar.[1] På grunn av helsa si trekte han seg frå tenesta i februar 1705o og vendte attende til eigedomen sin i St Lawrence nær Canterbury der han døydde.[1]

Det vart reist ein statue til ære for Rooke i Gibraltar i 2004, under 300-årsjubileet.

Kjelder endre