Georges Liautaud
Georges Liautaud (26. januar 1899–august 1991)[1] var ein haitisk skulptør, inspirert av voodoo. Han var fødd i Croix des Bouquets, der han budde heile livet, og der han døydde. Opphavleg var han smed, og laga mellom anna krossar til den lokale kyrkjegarden. Det var desse den amerikanske målaren Dewitt Peters og Antonio Joseph la merke til i 1955. Dei spurde seg for om kvar jernkrossane kom frå, og vart vist til den lokale smeden, Liautaud. Han forklarte då at dei høyrde til gravene til voodooutøvarar, og tilbydde å lage nokre til gjestene sine. Det var ikkje berre byrjinga på ein lang karriere for Liautaud, han danna også skule for framtidige kunstnarar i Haiti som har arbeidd med metall.
Georges Liautaud | |
Statsborgarskap | Haiti |
Fødd | 26. januar 1899 Croix des Bouquets |
Død |
1991 (92 år) |
Yrke | bilethoggar |
Etter kvart byrja han å gjere utskjeringar i gamle oljefat og skrapmetall, som ein til dømes kan sjå i Crucifixion (1959, Art Museum of the Americas i Washington, D.C.) Verktøya han brukte, var handmeisel og baufil. Teknikken kravde fysisk styrke og gav ei grov form som han deretter fila og jamna ut. Av og til varma han også opp metallet og hamra det til. Kunstforma hans er i dag ført vidare av kunstnarar som Serge Jolimeau og Gabriel Bien-Aime, og vert kalla bosmétal-skulpturar.
Kunstmuseet Le Musée Georges Liautaud (Georges Liautaud-museet) vart opna i Croix des Bouquets i januar 2009.
Dei viktigaste utstillingane
endre- 1955 - Museum of Fine Arts, Houston, Houston, USA
- 1959 – Biennalen i São Paulo, São Paulo, Brasil
- 1959 - The United States Collects Pan American Art, Art Institute of Chicago, Chicago, USA
- 1964 - Le monde des Naïfs, Musée national d'art moderne, Paris, Frankrike
- 1968 - Artists of the Western Hemisphere: art of Haiti and Jamaica, Center for Inter-American Relations, New York, USA
- 1974 - The Art of Haiti, Figge Art Museum/Davenport Municipal Art Gallery, Davenport, USA
- 1978 - Brooklyn Museum, Brooklyn i New York, USA
- 1979 - Kunst aus Haiti, Staatlichen Kunsthalle, Berlin, Tyskland
- 1982 - Ritual and Myth: A Survey of African American Art, Studio Museum in Harlem, New York, USA
- 1989 - Magiciens de la terre, Musée national d'art moderne, Centre Georges-Pompidou, Grande halle de la Villette, Paris, Frankrike
- 1991 - Spirits: Selections from the Collection of Geoffrey Holder and Carmen Lavallade, Katonah Museum of Art, Katonah, USA
- 1992 - A Haitian Celebration: Art and Culture, Milwaukee Art Museum, Milwakee, USA
- 1995 - Masterworks in Haitian Art from the Collection of the Davenport Museum, Davenport Museum of Art, Davenport, USA
- 1998 - Sacred Arts of Haitian Voodoo, Fowler Museum at UCLA, Los Angeles, USA.
- 2003 - Vaudou, abbaye de Daoulas, Daoulas, Frankrike
- 2004 - Winslow Anderson Collection of Haitian Art, Huntington Museum of Art, Huntington, USA
- 2006 - Allegories of Haitian Life from the Collection of Jonathan Demme, Bass Museum of Art, Miami, USA
- 2012 - Outside the Box, Pan American Art Projects, Miami, USA
- 2013 - Haiti in Extremis: Death and Life in 21st Century Haitian Art, Fowler Museum at UCLA, Los Angeles, USA
Fotnotar
endre- ↑ Han døydde i august 1992 ifylgje Centre communautaire de Noailles
Kjelder
endre- Centre communautaire de Noailles: Georges LIAUTAUD
- «Georges Liautaud Arkivert 2011-05-14 ved Wayback Machine.» på Candice Russell’s Haitianna, innhenta 13. mai 2011.
- «Georges Liautaud» på Answers.com, innhenta 13. april 2011.