Georgij Malenkov
Georgij Maksimilianovitsj Malenkov (8. januar 1902–14. januar 1988) var ein sovjetisk politikar. Han gjekk inn i Den raude armeen under borgarkrigen i 1919. Han melde seg så inn i kommunistpartiet i 1920, steig snøgt i gradene, og vart ein av Josef Stalins nærmaste medarbeidarar. Under krigen var han ein del av forsvarskomiteen, som leidde Sovjetunionens krig mot Nazi-Tyskland. Etter krigen var han visestatsminister i perioden 1946–1953. Stutt tid etter at Stalin døydde i 1953, vart han statsminister og generalsekretær i kommunistpariet, men måtte gje frå seg stillinga som generalsekretær til Nikita Khrusjtsjov i september same året. Grunnen til dette var, attåt ein maktkamp med rivalar i partiet, at han offentleg tok til orde for ein meir restriktiv atomvåpenpolitikk.[1] I 1955 vart han også tvungen til å gå av som statsminister. I 1957 deltok han i eit mislukka forsøk på å organisere ein opposisjon mot Khrusjtsjov, og mista derfor alle tillitsverv i partiet og staten. Dei siste snaue tretti åra av livet sitt var han leiar av eit vasskraftverk i Kasakhstan.
Georgij Malenkov | |
![]() | |
Fødd | 8. januar 1902 Orenburg |
---|---|
Død | 14. januar 1988 (86 år) |
Statsborgar av | Det russiske imperiet, Sovjetunionen |
Parti | Sovjetunionens kommunistiske parti |
Yrke | politikar |
Utdanna ved | Bauman Moscow State Technical University |
Ektefelle | Valeriya Alekseyevna Golubtsova |
Medlem | Politbyrået i Sovjetunionen |
KjelderEndra
- «Georgij Malenkov» i Caplex.
- Malenkov, Georgy Maksimilianovich i Leksikon for det 21. århundrede.