Det georgiske alfabetet
Det georgiske alfabetet blir brukt til å skriva georgisk og nokre få andre kaukasiske språk, som mingrelsk. Det blei også brukt til å skriva ossetisk og abkhasisk på 1940-talet.
| |||
Type | Alfabet | ||
---|---|---|---|
Periode | Siden 5. årh. e.Kr. (trad. 3. årh. f.Kr.) | ||
Språk | Georgisk og enkelte andre Kartvelske språk | ||
Avstamming | Moglegvis frå det greske alfabetet | ||
Skapt av | trad. Parnavaz I av Iberia | ||
Unicode | 10A0 — 10FF | ||
ISO 15924 | Geor |
Dagens alfabet har 33 bokstavar. Ein handfull andre var i bruk tidlegare, men har gått ut av bruk. Bokstavane står nesten i eit ein-til-ein-tilhøve med lydane i georgisk.
Alfabetet er kjent sidan 400-talet, men har uklart opphav. Nokre teikn liknar greske skriftteikn, medan andre kan ha andre opphav. I følgje dei tradisjonelle sogene som vart skrive ned av Leonti Mroveli på 1000-talet, vart det georgiske alfabetet laga av Parnavaz I, den første kongen av Kaukasisk Iberia (også kalla Kartli), i det tredje hundreåret f.Kr.
Det finst tre forskjellige variantar av det georgiske alfabetet, som er så forskjellige frå kvarandre at det ikkje er mogleg å forstå dei to andre ved å forstå eitt av dei. Desse variantane blir kalla asomtavruli (majusklar), nuskhuri (minusklar) og dagens mkhedruli, som ikkje har forskjell mellom store og små bokstavar.
Asomtavruli-alfabetet, også kjend som mrgvlovani ('avrunda'), finst i inskripsjonar frå 400-talet, som i den georgiske kyrkja i Betlehem frå om lag 430, medan visse arkeologiske funn an vera endå eldre. Nuskhuri, også kjend som kutkhovani ('firkanta') dukka opp på 800-talet. Dei to alfabeta blei brukte saman i religiøse tekstar, der dei avrunda asomtavruli-bokstavane blei brukte som majusklar. Saman var dei kjend som khutsuri, 'kyrkjeskrift'.
Det moderne alfabetet, mkhedruli ('sekulær' eller 'militær skrift'), dukka opp på 1000-talet og blei først brukt til ikkje-religiøse tekstar. Det erstatta kyrkjeskrifta heilt på 1700-talet.
Alfabetet
endreOversyn over alfabetet (blå bakgrunn tyder at bokstaven er ute or bruk).
Bokstavar | ||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
ა | ბ | გ | დ | ე | ვ | ზ | ჱ | თ | ი | კ | ლ | მ | ნ | |
ჲ | ო | პ | ჟ | რ | ს | ტ | ჳ | უ | ფ | ქ | ღ | ყ | შ | |
ჩ | ც | ძ | წ | ჭ | ხ | ჴ | ჯ | ჰ | ჵ | ჶ | ჷ | ჺ | ჸ | ჹ |
Transkripsjon av det georgiske alfabetet:
Bokstav | Unicode | Namn | Nasjonalt | ISO 9984 | Norsk1 | Laz (Tyrkia) | IPA |
---|---|---|---|---|---|---|---|
ა | U+10D0 | an | A a | A a | A a | A a | /ɑ/ |
ბ | U+10D1 | ban | B b | B b | B b | B b | /b/ |
გ | U+10D2 | gan | G g | G g | G g | G g | /ɡ/ |
დ | U+10D3 | don | D d | D d | D d | D d | /d/ |
ე | U+10D4 | en | E e | E e | E e | E e | /ɛ/ |
ვ | U+10D5 | vin | V v | V v | V v | V v | /v/ |
ზ | U+10D6 | zen | Z z | Z z | Z z | Z z | /z/ |
თ | U+10D7 | tan | T t | T' t' | T t | T t | /tʰ/ |
ი | U+10D8 | in | I i | I i | I i | I i | /i/ |
კ | U+10D9 | k'an | K' k' | K k | K k (K' k')2 | K' k' | /kʼ/ |
ლ | U+10DA | las | L l | L l | L l | L l | /l/ |
მ | U+10DB | man | M m | M m | M m | M m | /m/ |
ნ | U+10DC | nar | N n | N n | N n | N n | /n/ |
ო | U+10DD | on | O o | O o | O o | O o | /ɔ/ |
პ | U+10DE | p'ar | P' p' | P p | P p (P' p')2 | P' p' | /pʼ/ |
ჟ | U+10DF | žan | Zh zh | Ž ž | Zj zj | J j | /ʒ/ |
რ | U+10E0 | rae | R r | R r | R r | R r | /r/ |
ს | U+10E1 | san | S s | S s | S s | S s | /s/ |
ტ | U+10E2 | t'ar | T' t' | T t | T t (T' t')2 | T' t' | /tʼ/ |
უ | U+10E3 | un | U u | U u | U u | U u | /u/ |
ფ | U+10E4 | par | P p | P' p' | P p | P p | /pʰ/ |
ქ | U+10E5 | kan | K k | K' k' | K k | K k | /kʰ/ |
ღ | U+10E6 | ḡan | Gh gh | Gh gh | Gh gh (skarre-r) | Ğ ğ | /ɣ/ |
ყ | U+10E7 | q'ar | Q' q' | Q q | Q q (Q' q')2 | Q q | /qʼ/ |
შ | U+10E8 | šin | Sh sh | Š š | Sj sj | Ş ş | /ʃ/ |
ჩ | U+10E9 | čin | Ch ch | Č' č' | Tsj tsj | Ç ç | /tʃ/ |
ც | U+10EA | can | Ts ts | C' c' | Ts ts | Ts ts | /ts/ |
ძ | U+10EB | jil | Dz dz | J j | Dz dz | Ž ž | /dz/ |
წ | U+10EC | c'il | Ts' ts' | C c | Ts ts (Ts' ts')2 | Ts' ts' | /tsʼ/ |
ჭ | U+10ED | č'ar | Ch' ch' | Č č | Tsj tsj (Tsj' tsj')2 | Ç' ç' | /tʃʼ/ |
ხ | U+10EE | xan | Kh kh | X x | Kh kh | X x | /x/ |
ჯ | U+10EF | ǰan | J j | J̌ ǰ | Dzj dzj | C c | /dʒ/ |
ჰ | U+10F0 | hae | H h | H h | H h | H h | /h/ |
- 1Ikkje offisiell, men basert på IPA-lydskrift og vanleg transkripsjon av andre språk.
- 2Den vanlegaste måten å gjera skil på desse konsonantpara (minus q, som berre finst i ejektiv form) ved transkripsjon er å setja eit '-teikn etter anten dei teikna som representerer ein ejektiv konsonant, eller dei som ikkje gjer det.