Georgisme er eit filosofisk og økonomisk teorisett oppkalla etter Henry George (1839-1897). Dei økonomiske teoriane kjem ut frå at sjølv om alle eig det dei skapar, så høyrer jordareal og alt anna i naturen til alle menneske.

Georgistane argumenterer for at alle renter og leiger som kjem frå jordareal, kringkastingskonsesjonar, mineralutvinningsrettar, fiskekvoter og liknande skal gå til samfunnet i staden for eigaren. Slike inntekter er det ikkje nokon som har arbeidd for å få. Av inntektene til «naturlege monopol» skal mykje gå til fellesskapet. Til gjengjeld skal det ikkje ileggjast andre skattar eller økonomiske reguleringar. I praksis vil dette seia å innføra ein høg jordverdiskatt. Det vil ikkje verta noko endring i prisar for jordleige. Grunnane til dette vart først forklarte av Adam Smith.

Variantar av georgisme endre

Dei fleste tidlege georgistiske gruppene kalla seg for Single Taxers, noko som på norsk vil vera enkeltskatt- tilhengjarar. George såg på dette som ei rett skildring av gruppene sitt politiske mål. Målet var å erstatta alle typar skattlegging med ein jordverdiskatt. Seinare grupper inspirert av Henry George finn ein i miljøvern- grupper og mellom folk med interesse for økonomi.

I eit økonomisk klima der skattane er høge og det politiske miljøet er stabilt, er det vanskeleg å få innført jordverdiskatt på ein rask måte. «Georgisme» har vorte eit meir generelt omgrep, som tek opp i seg sjølv små endringar i retning av idealet om ein erstatning av alle typar skattar med ein enkel jordverdiskatt.

Enkelte georgistar er ikkje nøgd med ordet «georgisme». Etter kvart er Henry George lite kjend. Prinsippa var tenkt på før han, og «ismer» oppkalla etter ein enkelt person har mista popularitet. Enkelte nyttar «Geoisme». Omgrepa avspeglar og ulike vinklingar, men alle retningane er samde om at jordverdiar skal skattast av. Fleire har tankar om ei borgarløn, der alle statsborgarar av eit land mottek sin del av inntektene staten har for å selja eller leiga vekk naturressursar.

Føregangarar endre

Liknande tankar vart uttrykte føre Henry George av mellom anna: William Ogilvie, Adam Smith, John Stuart Mill, John Locke, William Penn, Benjamin Franklin, Thomas Paine og Thomas Jefferson.

Vidkjende georgistar endre

Lev Tolstoj, Sun Yat Sen, David Lloyd George, Winston Churchill, George Grey, Walter Burley Griffin, Clarence Darrow, Mark Twain og Albert Jay Nock.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre