John Stuart Mill (20. mai 18068. mai 1873) var ein britisk filosof som hadde innverknad på etisk, politisk og økonomisk tenking. Mill hadde mellom anna sterk innverknad på sosialliberalismen på 1800-talet. Han var son av filosofen James Mill.[1]

John Stuart Mill

Fødd20. mai 1806
London Borough of Islington
Død8. mai 1873
Avignon
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Yrkefilosof, samfunnsøkonom, politikar, sjølvbiograf, skribent, egalitarisme, kontorist, stemmerettsforkjempar
InstitusjonarDet britiske austindiske kompaniet
Alma materUniversity College London
EktefelleHarriet Taylor Mill
MedlemDet ungarske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences

Samtida Mill levde i var prega av mange radikale meiningar. Han blei sjølv arrestert fleire gangar for å uttrykka slike meiningar.

Filosofi endre

John Stuart Mill bygde den filosofiske tenkinga si på empirisme, ein arv han mellom anna hadde frå David Hume. Han var påverka av utilitarismen til Jeremy Bentham, av samfunnsvitskap generelt og av økonomisk vitskap spesielt.[2] I religiøse spørsmål var han markert anti-autoritær. Mill sitt verk The Principles of Political Economy frå 1848 blei ei populær lærebok, og fekk stor innverknad på samtida. Mill var ein produktiv forfattar og gav ut ei rekke bøker om ulike emne. Tema han tok for seg omhandlar naturen til fridom, kvinneundertrykking som sosialt problem og ein allmenn diskusjon av politiske idear i samtida.[3] Han skreiv òg ein del saman med kona si, Harriet Taylor Mill. Mill forfekta at all moral bør bygga på behovet til menneska for lykke, glede og tryggleik, i motsetning til pliktetikken hjå til dømes Immanuel Kant. Handlingar som fører til lykke er moralsk rette nettopp fordi dei gjer det, medan handlingar som fører til det motsette av lykke, er moralsk sett galne; handlingar blir slik sett vurderte primært ut frå konsekvensane sine, ikkje ut frå dei intensjonane som ligg til grunn for dei.

Mill arbeidde aktivt for likestilling mellom menn og kvinner, allmenn utdanning, allmenn stemmerett, aksept av prevensjon, betre skilsmisselovgjeving og at koloniane skulle få bestemma meir sjølv. Eit likestilt samfunn ville gje meir nytte, og dermed meir lykke, jamfør utilitarismen, som handlar om å maksimere nytte.

Politisk filosofi endre

Liberalismen til Mill kan på mange vis sjåast på som meir konsekvent enn til dømes tenkinga til John Locke og Charles Montesquieu. Eit døme er vurderinga hans av den personlege eigedomsretten som han ikkje understreka like sterkt som mange andre tenkjarar i same liberale tradisjon. Mill meinte menneske med høgare utdanning skulle ha ei røyst som var meir verd enn andre mindre kvalifiserte menneske.[4]

Mot slutten av livet sitt såg Mill på seg sjølv som ein sosialist.[5]

Kjelder endre

  1. Stølen, Tomas (31. mai 2022). «John Stuart Mill». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «John Stuart Mill - Influence and significance | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 30. oktober 2022 
  3. «John Stuart Mill | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 30. oktober 2022 
  4. Macleod, Christopher (2020). Zalta, Edward N., red. «John Stuart Mill». Metaphysics Research Lab, Stanford University. 
  5. «Was John Stuart Mill a Socialist?» (på engelsk). Henta 9. august 2021. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: John Stuart Mill
 

Originaltekst av John Stuart Mill ved Wikisource.