Gerd Kirste

norsk politikar

Gerd Kirste (fødd 10. juni 1918 i Bærum, død 9. desember 2014) var ein norsk lokal- og stortingspolitikar for Høgre.[1]

Gerd Kirste
Fødd10. juni 1918
Død9. desember 2014 (96 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Ho tok examen artium ved Stabekk Gymnas i 1937, diverse kurs i Tyskland og England 1937–1938 og studentfagkurs ved Otto Treiders Handelsskole i 1940. Ho var tilsett hos Lilleborg AS 1941–1942 og som vikar hos Esso etter andre verdskrig, og var deretter heimeverande husmor.

Kirste var medlem av Bærum kommunestyre 1959–1975, medlem av Akershus fylkesting 1965–1975. Ho var dessutan 2. viseformann i Akershus Høgre 1974–1978 og leier i Landforbundet til Høgrepensjonistane 1997–1999 og vart æresmedlem i Bærum Høgre i1994. Kirste var 2. vararepresentant til Stortinget frå Akershus 1965–1973 og fast innvalgt 1973–1981. I den siste perioden sin på Stortinget var ho Høgre si sosialpolitiske talsperson. Ho hadde òg ei rekkje andre offentlege, politiske og organisatoriske verv.

Stortingskomitear endre

Kjelder endre

  1. «Nekrolog: Gerd Kirste». Aftenposten. 18. desember 2014. 

Bakgrunnsstoff endre