Gert Nygårdshaug

norsk skribent

Gert Nygårdshaug (fødd 22. mars 1946) er ein norsk forfattar frå Tynset. Han er i dag busett på Ryen i Lier. Forfattarskapen hans spenn frå barnebøker til krim. Nygårdshaug er best kjend for kriminalromanane sine om Fredric Drum.

Gert Nygårdshaug
Gert Nygårdshaug 2 Oslo bokfestival 2011 (cropped).jpg
Fødd 22. mars 1946Rediger på Wikidata
Tynset
Yrke skribent, barnebokforfattar, lyrikar
Gert Nygårdshaug på Commons
Gert Nygårdshaug
Foto: Bjørn Erik Pedersen

Oppvekst og vaksenlivEndra

Gert Nygårdshaug vart fødd på Tynset 22. mars 1946 på eit småbruk. Han tok artium ved Tynset gymnas i 1965 og flytta deretter til Oslo, der han byrja å studere ved Universitetet i Oslo. Han tok ei rekkje eksamenar, mellomfag idéhistorie, mellomfag historie og mellomfag filosofi før han avbraut studiane til magistergraden i sosiologi i 1972.

Nygårdshaug var særs politisk aktiv på venstresida, og arbeidde frå 1972 til 1978 som klubbleiar i Uranienborg Fritidsklubb, Uteseksjonen i Oslo og som ungdomssekretær i Målselv. I 1978 byrja han som snikkar, og arbeidde med dette fram til 1984, då han vart forfattar på heiltid. Han arbeidde òg ein periode som sjømann (1967), skogsarbeidar (1968) og lærar i filosofi ved NansenskolenLillehammer (1969-1970).

Det politiske engasjementer hans har heldt fram gjennom åra, og han er kjend for dei kritiske kronikkane sine i Dagbladet i høve til mellom anna USA sin politikk i verdssamfunnet. Ved kommune- og fylkestingsvalet i 2006 stod han på 3. plass på vallista til Raud valallianse i Lier kommune.[1]

Han budde meir eller mindre fast i Oslo frå 1965 til 1992, då han flytta til Lier, der han no bur saman med sonen sin Hans Jørgen (f. 1993).

ForfattarskapenEndra

Forfattarskapen til Gert Nygårdshaug er prega av mykje reising og grundige undersøkingar. På slutten av 1980-talet og byrjinga av 1990, budde han i lengre periodar i Brasil og Venezuela, der han mellom anna budde saman med indianarane i Amazonas. Studiar av urkulturar, arkeologi og historie er nokre av interessene hans, ved sidan av sportsfiske, matlaging og vin.

Boka hans Mengele Zoo frå 1989 vart i 2007 kåra til «folkets favoritt» i samband med litteraturfestivalen på Lillehammer.[2]

BibliografiEndra

  • Impulser – dikt (1966)
  • Paxion – dikt (1971)
  • Et bilde et verktøy – dikt (1974)
  • Gatevinden – dikt (1980)
  • Solfiolinen – noveller (1981)
  • Bastionen – roman (1982)
  • Alkymisten – noveller (1983)
  • Dverghesten – roman (1984)
  • Honningkrukken – kriminalroman (1985)
  • Nullpluss – roman (1986)
  • Jegerdukken – kriminalroman (1987)
  • Gipsyblink – dikt (1988)
  • Mengele Zoo – roman (1989)
  • Dødens codex – kriminalroman (1990)
  • Søthjerte – roman (1991)
  • Det niende prinsipp – kriminalroman (1992)
  • Cassandras finger – kriminalroman (1993)
  • Gipsymann – dikt (1994)
  • Trollet og de syv prinsessene – barnebok (1995)
  • Himmelblomsttreets muligheter – roman (1995)
  • Kiste nummer fem – kriminalroman (1996)
  • Gutten og trollsverdet – barnebok (1996)
  • Huldergubben i Svartberget – barnebok (1997)
  • Prost Gotvins geometri – roman (1998)
  • Pengegryta i Trollberget – og andre eventyr – barnebok (1999)
  • Den balsamerte ulven – kriminalroman (2000)
  • Liljer fra Jerusalem – kriminalroman (2001)
  • Farivis Ruvis - Gutten fra himmelrommet - Dinosaurene – barnebok (2001)
  • Afrodites basseng – roman (2003)
  • Alle orkaners mor – kriminalroman (2004)
  • Rødsonen – kriminalroman (2006)

BakgrunnsstoffEndra

KjeldeEndra

FotnotarEndra