Ghouta (arabisk غوطة دمشق, Ghūṭat Dimashq) er ei samling gardar i Rif Dimashq like aust for Damaskus i Syria. Det grøne beltet har vore eit populært fritidsområde for innbyggjarane i byen, særleg om våren. Området har vore busett sidan antikken og ei ukontrollert utvikling har gått føre seg gjennom dei føregåande tiåra. Det aukande behovet for mat under den raske folkeveksten i hovudstaden, urbanisering og industriutvikling, har auka trykket mot dette jordbrukslandet.

Ghouta
oase
Satellittbilete av Damaskus med Ghouta som ligg rundt.
Land  Syria
Koordinatar 33°30′00″N 36°25′15″E / 33.50000°N 36.42083°E / 33.50000; 36.42083
Kart
Ghouta
33°30′00″N 36°25′15″E / 33.5°N 36.420833333333°E / 33.5; 36.420833333333

Damaskus Ghouta er eit grønt jordbruksbelte som ligg sør og aust for byen Damaskus.[1] Området skil byen frå dei grøne beitemarkene på grensa til Den syriske ørkenen. Det har gjeve innbyggjarane forskjellige typar korn, grønsaker og frukt i tusenvis av år.[2] På 1980-talet byrja veksten til Damaskus å erstatta jordbrukslandet i området med bustader og industri, og den grøne sona minka.[3]

Avlingar endre

I Ghouta dyrker ein plommer, poppel- og valnøttre og bomull i tillegg til mais, alfalfa, bygg og kveite.

Ressursar og farar endre

Dette området har mange forskjellige miljøproblem, inkludert vassmangel og særs lite årleg nedbør. Det er så lite vatn i området at grunnvassnivået har auka dramatisk i store delar av Ghouta. Det er i tillegg stadig aukande forureining frå trafikken i Damaskus, industri, avfall og kloakk.

Før luftåtak frå den syriske hæren til Bashar al-Assad under den syriske borgarkrigen budde det rundt to millionar menneske i Ghouta.[4] Krigen har redusert folketalet til rundt 400 000 og ført til svolt og underernæring blant innbyggjarane.[5]

Kjelder endre

  1. «Damascus - Landscape - City site». Encyclopædia Britannica. Henta 21. mai 2015. 
  2. Al Zoughbi, Samira (2005). «An Analysis of Agriculture-Environment Interactions and Policy Options for Sustainable Agriculture in Eastern Al Ghouta (Syria)» (PDF). Farming Systems and Poverty: Making a Difference -- Proceedings of the 18th International Symposium of the International Farming Systems Association: A Global Learning Opportunity. Food and Agriculture Organization of the United Nations. s. 31. Henta 17 February 2016. 
  3. Collelo, Thomas, red. (1988). «Land, Water, and Climate». Syria: a country study. Federal Research Division, Library of Congress. LCCN 87600488. 
  4. Alsaafin, Linah (6 February 2015). «Syria’s Eastern Ghouta: the latest casualty of war». Middle East Eye. Henta 18 February 2016. 
  5. Almohibany, Amer (22 October 2017). «In Syria region under regime siege, children die of hunger». France 24. Henta 23 October 2017. 

Bakgrunnsstoff endre