Den syriske ørkenen
Den syriske ørkenen (arabisk بادية الشام, Bādiyat ash-shām), òg kalla Den syrisk-arabiske ørkenen, er ein kombinasjon av stepper og verkeleg ørken som ligg nord i Arabia og dekkjer over 500 000 kvadratkilometer av Syria. Ørkenen er særs steinete og flat.[1][2]
Den syriske ørkenen | |||
ørken | |||
Den syriske ørkenen by NASA World Wind
| |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 33°20′00″N 38°50′00″E / 33.3333°N 38.83333°E | ||
Den syriske ørkenen 33°24′N 38°45′E / 33.4°N 38.75°E | |||
Kart som viser Den syriske ørkenen.
| |||
Wikimedia Commons: Syrian Desert |
Geografi
endreDen syriske ørkenen er ein del av Al-Hamad,[3] som dekkjer delar av Tyrkia, Syria, Irak, Jordan og Saudi-Arabia. Han grensar i vest til Orontesdalen og i aust til Eufrat. I nord går ørkenen over i meir frodige grassletter. I sør held ørkenen fram sørover på Den arabiske halvøya. Mange mindre ørkenar ligg innanfor den Den syriske ørkenen som Palmyra. Damaskus ligg i ein oase i ørkenen. Det merkverdige landskapet i ørkenen vart danna av lava frå vulkanområdet Jabal ad Duruz sør i Syria. Den syriske ørkenen er opphavet til syrisk hamster.
Historie
endreØrkenen var historisk busett av beduinar og mange lever framleis i området, men hovudsakleg i byar og busetnader nær oasar. Somme beduinar lever framleis på den tradisjonelle måten i ørkenen. Safaittiske inskripsjonar, førarabiske tekstar skrivne av skrivekunnige beduinar, finst over heile Den syriske ørkenen. Desse er daterte til kring det første hundreåret fvt. til 300-talet evt.
Under Irakkrigen var ørkenen ei viktig forsyningslinje for irakiske opprørarar, og den irakiske delen av ørkenen vart ein viktig skanse for sunni-opprørarar som opererte i Al Anbar guvernement, særleg etter at koalisjonen erobra Fallujah under operasjon Phantom Fury. Ei rekkje militære operasjonar frå koalisjonen var relativt ineffektive når det gjaldt å drive opprørarane ut av ørkenen. Opprørarane byrja å få kontroll over det omliggande området. I september 2006 hadde dei fått kontroll over nesten heile Anbar guvernement og hadde flytta det meste av styrkane, utstyret og leiarane sine lenger aust til byar opprørarane kontrollerte nær Eufrat. Den syriske ørkenen vart framleis nytta som ei av hovudrutene for å smugle utstyr.[4][5][6][7][8]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Den syriske ørkenen» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Den syriske ørkenen». Mahalo.com. Henta 29. mars 2014.
- ↑ Den syriske ørkenen, New International Encyclopedia, Edition 2, Published by Dodd, Mead, 1914, Arabia, page 795 og Den syriske ørkenen, Encarta
- ↑ Britannica entry Al-Hamad
- ↑ «U.S. diplomat apologizes for remarks». MSNBC. 22. oktober 2006. Henta 29. mars 2014.
- ↑ Knickmeyer, Ellen (29. mai 2006). «U.S. Will Reinforce Troops in West Iraq». Washingtonpost.com. Henta 29. mars 2014.
- ↑ «WP: U.S. to reinforce troops in west Irak». MSNBC. 30. mai 2006. Henta 29. mars 2014.
- ↑ «Situation Called Dire in West Irak». Washington Post. 10. september 2006. Henta 29. mars 2014.
- ↑ http://www.freemarketnews.com/WorldNews.asp?nid=