Giancarlo De Sisti
Giancarlo De Sisti (fødd 13. mars 1943) er ein italiensk, tidlegare fotballspelar frå Roma. Han spela på midtbanen for AS Roma frå 1960 til -65, og på ny åra 1974-79. I den mellomliggjande perioden spela han for ACF Fiorentina (1965–74). Mellom 1967 og -72 spela han 29 landskampar for Italia og skåra fire mål.
Giancarlo De Sisti | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 13. mars 1943 (81 år) Roma |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1970, EM i fotball 1968 |
Utmerkingar | kommandør av Republikken Italias fortjenstorden, Q124956422 |
Klubbspel
endreDe Sisti fekk sin debut for Roma i Serie A i februar 1961. Det tok han to år å spele seg inn i fyrsteeellevaren. I 1964 var han med på Romas triumf i den italienske cupen. Sommaren 1965 vart han overført til Fiorentina, der han allereie i sin fyrste sesong for klubben vann sin andre italienske cup-tittel. Høgdepunktet som klubbspelar opplevde han i 1969, då han som kaptein for klubben frå Firenze leia laget fram til meistertittel i Serie A. Før sesongstart i 1974 gjekk De Sisti tilbake til Roma. Han spela fast for klubben til han la opp i 1979. Gjennom 18 år spela han 478 seriekampar, alle i toppdivisjonen, og skåra 50 seriemål.
Landslagsspel
endreDe Sisti debuterte for Italia hausten 1967, i ein kvalifiseringskamp til EM 1968 der heimelaget i Cosenza vann 5-0 over Kypros. Året etter var han ein av dei spelarane som fekk plass på laget til finale-omkampen i nettopp i EM. Den 10. juni 1968 vart han europameister, etter 2-0 over Jugoslavia på Stadio Olimpico i Roma. To år seinare spela han alle kampane i VM 1970, ein meisterskap som enda med 1-4 tap for Italia mot Brasil i finalen. Etter at Italia tapte kvartfinalane mot Belgia våren 1972 var det slutt med landslagspel for De Sisti.
Merittar
endre- EM-gull 1968 for Italia
- VM-sølv 1970 for Italia
- Italiensk seriemeister 1969 med Fiorentina
- Italiensk cupmeister 1964 med AS Roma
- Italiensk cupmeister 1966 med Fiorentina
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Giancarlo De Sisti» frå Wikipedia på tysk, den 8. juni 2013.