Giorgio Barbarelli da Castelfranco, best kjend som Giorgione, (ca 14771510), var ein italiensk målar under den venetianske høgrenessansen. Hans mest kjende verk er måleriet La Tempesta (Stormen) frå omkring 1508.

Giorgione

Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 1470-åra
Castelfranco Veneto
Død

1510
Venezia

Yrke kunstmålar, biletkunstnar
Sjanger historiemåleri, portrett, landskapsmåleri, religiøs kunst, akt, religiøst maleri, sjangermåleri
Giorgione på Commons

Sjølv om Giorgione har hatt stor innverknad på seinare målarar, med Tizian som den viktigaste, er lite kjent om livet hans.

Liv og verk

endre
 
Altartavla i Castelfranco Veneto, ca. 1502
 
Stormen, ca. 1508

Giorgione studerte under Giovanni Bellini. I verkstaden til Bellini i Venezia arbeidde han mellom andre saman med Tizian. Dei tidlegaste bileta av Giorgione er, truleg, dei to små Salomos dom og Moses si eldprøve.[1] Kort etter måla han i heimbyen det vakre Madonna di Castelfranco, eit ekte venetiansk verk som enno finst i Castelfranco. Måleriet har ei stille, mjuk stemning og ei riddarleg-verdsleg herleggjering av kvinneleg ynde. Den fine landskaps-komposisjonen her, og i dei føregåande bileta, varslar den epokegjerande innsatsen Giorgione hadde i utviklinga av landskapsmåleriet.

Tilbake i Venezia, ca. 1505, utsmykka Giorgione husvegger med olje- og freskomåleri. Truleg var det kjennskap til måleri av Leonardo da Vinci og Fra Bartolommeo som opna hans syn for den menneskelege form i fri utfalding og for dekorativ linjeføring. Desse elementa, og hans venetianske koloritt, er basis for hans sensuelt ladda framsyning av delar av livsførselen til eliten i Venezia.

Lite og inkje skjer i dei verka som særleg kjenneteiknar Giorgione som målar. Ei bukolisk stemning kviler over den arkadiske scena; landskap og figurar stemmer overeins i mjuk samklang i ei sart, drøymande kjensle. Alt medan den nakne kvinnekroppen utfaldar seg tvangfritt og som den største openberring av fagerdom.

Truleg døydde Giorgione i ein pest.

Kjelder

endre