Bartolommeo Pagholo del Fattorino (28. mars 147231. oktober 1517), best kjend som Fra Bartolommeo, men også Baccio della Porta, var ein italiensk målar og teiknar.

Fra Bartolommeo

Statsborgarskap Den florentinske republikk
Fødd 28. mars 1472
Prato
Død

31. oktober 1517 (45 år)
Firenze

Yrke kunstmålar, munk, teiknar
Språk italiensk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Fra Bartolommeo på Commons
Portrett av Girolamo Savonarola, 1498
San Bernards syn, ca 1504
Den oppstandne Kristus med helgenar, 1516

Liv endre

Bartolommeo var frå Firenze. Han vart i 1481 lærling hos Cosimo Rosselli og vart kjend med Mariotto Albertinelli, som han samarbeidde med i lengre tid. På 1490-talet vart han fenga av Savonarola sine preiker og vart ein av dei ivrigaste tilhengarane til Savonarola. Bartolommeo vart i 1500 dominikanarmunk. Frå 1504 leigde han klosteret 'San Marco' i Firenze til arbeidsverkstad, der Albertinelli var medarbeidaren hans i tida 1509-12. Han vitja Venezia og Roma nokre gongar. Nokre av de siste somrane budde han av helsegrunnar i dominikarordenen sitt hospital, klosteret Pian di Mugnone ved Fiesole.

Fra Bartolommeos tre periodar endre

Den første perioden endre

Kunsthistorikarar skil mellom tre periodar i Bartolommeos verksemd. Den første omfattar tida før han vart munk i 1500. Hovudarbeidet den store komposisjonen, fresken Ytterste domen, 1498-99, i Santa Maria Nuova i Firenze. Denne fresken vart gjennom den tronande krinsen av helgenar eit førebilete for Rafael både i San Severo-fresken frå, og i delar av Disputa frå 1508.

Den andre perioden endre

Den andre perioden begynte i 1504 og varte til 1512. Av arbeida hans desse åra kan nemnast San Bernhards syn, Gud fader tilbedd av Maria Magdalena og Katarina av Siena og Madonna med helgenar. Dei to siste vart måla i Lucca i 1509, då han var påverka av reisa til Venezia. Til same perioden høyrer også ein del fresker i klosteret San Marco.

Den tredje perioden endre

Den tredje perioden omfatta dei siste fem leveåra, 1512-17. Han var då på høgda som kunstnar, særleg kva gjeld altartavlene. I byrjinga av denne perioden var han ein tur til Roma, innverknaden denne fekk viste seg til dels i biletet San Marcus, 1514, inspirert av Michelangelo. Dessutan er den synleg i San Sebastian frå året etter, hans einaste nakne figur, beundra av kunstnarar, avskydd av munkan. Tre andre meisterverk er frå same tida; Madonna della misericordia (1515), Oppstoda (1516) og Nedtakinga frå krossen (1516). Det sistnemnde verket. med fire figurar, er det mest dramatiske av arbeida hans.

Første koloristen i florentinsk kunst endre

Bartolommeo var sterkast påverka av Perugino når det gjaldt biletkomposisjon og Leonardo når det gjaldt form og teknikk. Tema og innhald tok han frå sitt eige. Motivkrinsen hans var noko innskrenka; han heldt seg mellom anna borte frå det nakne, med unnatak for små engelfigurar. Han måla ikkje større kompositoriske bilete, heller rolege andaktsbilete, livanktige uttrykk for hans inderlege tru. Særleg kjend var han for sin koloritt, som han skapte gjennom å nytte temperafarge mot oljefarge. Han var den første koloristen i florentinsk kunst, og hadde stor påverknad på Rafael då denne dreiv med sine studiar.

Kjelder endre