Giovanni Evangelisti
Giovanni Evangelisti (fødd 11. september 1961) er ein italiensk tidlegare lengdehoppar frå Rimini. Han vann bronsemedaljen i øvinga under Sommar-OL 1984 og i EM 1986. Evangelisti vert elles hugsa for arrangørskandalen ved verdsmeisterskapen 1987 i Roma.
Giovanni Evangelisti | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 11. september 1961 (63 år) Rimini |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984 |
Aktiv
endreI 1983-sesongen hoppa Evangelisti over 8 meter for fyrste gong, med 8,09 meter som best. Året etter forbetra han den personlege rekorden til 8,24 meter under OL-finalen i Los Angeles. Dermed vann han bronsemedaljen då einast Carl Lewis og Gary Honey hoppa lenger. I 1986 kneip han bronsen med ein centimeters margin til fjerdemann.
Dane 16. mai 1987 forbetra Evangelisti den italienske lengdehopprekorden til 8,43 meter i eit stemne San Giovanni Valdarno i Toscana, ein rekord som gjaldt til Andrew Howe i 2007 hoppa 8,47 m. Under VM i friidrett på italiensk heimebane nokre månader etterpå, låg Evangelisti på fjerdeplass før siste finaleomgang. Han siste hopp vart målt til 8,37 m, dermed kleiv han forbi Larry Myricks frå USA på resultatlista og vart tildelt bronsemedaljen. Ei tid etter meisterskapen kom det opp at arrangørane juksa med målinga, så ni månader etter verdsmeisterskapen måtte Evangelisti gje frå seg medaljen til Myricks. Dermed vart han fjerdemann i tevlinga, noko han også vart under Sommar-OL 1988, som sist bak Myricks på tredjeplass.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 1982 i Aten: Nr 6 – 7,89 m
- VM 1983 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa (7,70 m=nr 19)
- OL 1984 i Los Angeles: Bronsemedalje – 8,24 m
- EM 1986 i Stuttgart: Bronsemedalje – 7,92 m
- VM 1987 i Roma: Nr 4 – 8,19 m
- OL 1988 i Seoul: Nr 4 – 8,08 m
- EM 1990 i Split: Nr 7 – 7,93 m
- VM 1991 i Tokyo: Nr 7 – 8,01 m
- EM 1994 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa (7,80 m=nr 13)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Giovanni Evangelisti» frå Wikipedia på tysk, den 1. juli 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Giovanni Evangelisti» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juli 2020.
- «Giovanni Evangelisti» (på engelsk). Olympedia. Henta 10. mars 2023.