Tauranga, med eit folketal på 103 635 i folketeljinga i 2006, er den største byen og administrasjonsete i regionen Bay of PlentyNordøyaNew Zealand. Han er den niande største byen i landet og sentrum i det sjette største urbane området. Tauranga ligg 205 km søraust for Auckland, 105 km aust for Hamilton og 85 km nord for Rotorua, og er den byen på New Zealand der folketalet veks snøggast. Han er venta å verta den femte største i løpet av nokre få år, ved å gå forbi Dunedin i folketal.

Tauranga
Tauranga-moana
by
Land  New Zealand
Region Bay of Plenty
Areal 168 km²
Folketal 103 635  (2006[1])
Kart
Tauranga
37°41′09″S 176°10′00″E / 37.685833333333°S 176.16666666667°E / -37.685833333333; 176.16666666667
Wikimedia Commons: Tauranga
Nettstad: http://www.tauranga.govt.nz/
Tauranga is located in New Zealand

«City of Tauranga» vart oppretta på nytt i 2004,[2] etter at Tauranga mista bystatusen i samband med lokalstyrereforma i 1989. Til City of Tauranga høyrer dei større forstadane og områda Tauranga Central (The Avenues), Matua, Tauriko, Otumoetai, Bethlehem, Greerton, Papamoa, Ohauiti, Maungatapu og Welcome Bay.

Byen og området i det heile har vakse svært snøgt, og ein ventar at Papamoa vert ein eigen by innan år 2020, med eit innbyggjartal på linje med det i Nelson.

Plassering endre

 
Basis av North Auckland Peninsula oppe til venstre, Auckland City til venstre i midten, Waikato Plains nede til venstre, Haurakigolfen i midten, Coromandelhalvøya i midten til høgre, og den vestlege delen av Bay of Plenty og Tauranga nede til høgre. Foto: NASAs Terra satellitt, 23. oktober 2002.

Tauranga ligg i byrjinga av ei stor hamn som strekkjer seg langs den vestlege delen av Bay of Plenty, og byen ligg i ly av øya Matakana Island og den nærliggjande byen Mount Maunganui. Han dekkjer det meste av ei smal halvøy som for lang tid sidan var ei øy, men som etter kvart vart bunda til fastlandet med ei langstrakt sanddyne, tombolo.

Namnet Tauranga kjem frå maori, og tyder noko i nærleiken av 'ein landings- eller ankringsstad som ligg i ly'.

Tauranga og Bay of Plenty ligg langs ei forkastingslinje, men opplever heller sjeldan seismisk aktivitet. Der er nokre få vulkanar i området, men dei fleste er ikkje aktive. Dei mest kjende av desse er White Island og Mount Maunganui (Mauao på māori, eller «The Mount» blant lokalbefolkinga).

I mykje av landsbygda kring Tauranga vert det drive hagebruk, og dyrka ei rekkje ulike grønsaker og frukt, både til innanlands forbruk og til eksport. Distriktet er særleg kjent for dyrking av tangelo, ei kryssing mellom grapefrukt og mandarin, avocado og kiwi. Dei seinare åra er der også starta dyrking og produksjon av vin.

Port of Tauranga er den største eksporthamna på New Zealand, med livleg, men sesongprega skipstrafikk. Hamna vert hyppig vitja av både containerskip og luksuriøse cruiseskip.

 
Tauranga frå Mt. Manganui, sett sørover. Port of Tauranga til høgre.
 
Den mest populære parken i Tauranga, Memorial park.
 
Utsikt frå Papamoa og Papamoa Hills

Attraksjonar endre

Taurangaområdet er svært populært, både til busetjing for pensjonistar og som turistmål.

På grunn av det tempererte klimaet er utandørs aktivitetar svært populære i Tauranga. Det kan dreia seg om golf, fotturar («hiking»), mountain biking og elverafting. Kystlinja til Bay of Plenty byr på milevis av sandstrender, og aktivitetar på sjøen er svært populære, som symjing, surfing, fisking, dykking, stuping og ulike former for båtsport. For turistar vert det arrangert «delfinsafari» med særskilte båtturar.

The Montana Jazz Festival finn stad i Tauranga kvar påske, med dusinvis av konsertar og andre tilstellingar, god mat og framifrå vin.

Historie endre

Dei første innbyggjarane endre

Dei første innvandrarane ein kjenner til, kom med kanoane (waka) Takitimu og Mataatua på 1100-talet. Dei gav området namnet Tauranga, som tyder 'landings-' eller 'ankringsstad'.[3]

Tidleg handel endre

Fiberplanten Phormium var ei viktig handelsvare tidleg på 1800-talet. Handelsfolk kom til Bay of Plenty på 1830-talet, somme vart der ei kort stund, andre gifta seg med lokale kvinner og slo seg ned for godt. Den første handelsmannen som slo seg ned her var James Farrow, som kom til Tauranga i 1829. Han kjøpte opp Phormium til australske forretningsmenn i byte med muskettar og krut. Farrow kjøpte ein halv acre land den 10. januar 1838 ved Otumoetai Pā frå høvdingane Tupaea, Tangimoana og Te Omanu, den tidlegaste stadfesta handelen med land i Bay of Plenty.[4]

Misjonærar endre

På 1820-talet vitja misjonærar frå Bay of Islands Taurangadistriktet for å skaffa seg forsyningar av poteter, grisar og Phormium. I 1840 kom ein katolsk misjonsstasjon i gang her. Biskop Jean Baptiste Pompallier fekk land innanfor palisadane til Otumoetai pā til ei kyrkje og ein prestebustad. Misjonsstasjonen vart stengd i 1863 på grunn av krigshandlingar i Waikato-distriktet.

New Zealand-krigane endre

Felttoget i Tauranga fann stad i og ved Tauranga frå 21. januar til 21. juni i 1864, under New Zealand-krigane. Slaget ved Gate Pa er det mest kjende.

Den moderne byen endre

 

Tauranga er den byen på New Zealand som veks snøggast. Ved folketeljinga i 2006 fann ein at folketalet var tredobla på litt over 25 år. Auken i folketalet har kome mest fordi pensjonistar har slege seg ned i byen, og der har også vore ei tilstrøyming av menneske som søkjer sol og sjø. Sjølv om folketalet har stige dramatisk, er storleiken på det sentrale forretningsstrøket i byen meir i samsvar med ein by som er halvparten så stor. Dette er mest fordi fleire av dei ytre forstadane har sine eigne store forretningssentra.[5]

I samsvar med vedtaket Local Government (Tauranga City Council) Order 2003,[6] fekk Tauranga bystatus (City) for andre gong frå 1. mars 2004, etter at folketalet hadde passert 100 000.

Vêrlag endre

Ettersom byen ligg i ly på austkysten, har Tauranga — etter newzealandske tilhøve — eit varmt og tørt klima. Han er ein populær plass å busetja seg for pensjonistar, og om sommaren kjem ei rekkje tilreisande til byen.

Klimatabell: Gjennomsnittstal for Tauranga
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 23,9°C
75°F
23,8 °C
75 °F
22,3 °C
72 °F
19,9 °C
68 °F
17,1 °C
63 °F
14,9 °C
59 °F
14,3 °C
58 °F
14,9 °C
59 °F
16,3 °C
61 °F
18,0 °C
64 °F
20,0 °C
68 °F
21,9 °C
71 °F
18,9°C
66°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 14,5°C
58°F
14,7 °C
58 °F
14,6 °C
58 °F
13,5 °C
56 °F
10,9 °C
52 °F
7,9 °C
46 °F
6,0 °C
43 °F
5,2 °C
41 °F
6,1 °C
43 °F
7,8 °C
46 °F
9,3 °C
49 °F
13,1 °C
56 °F
10,0°C
50°F
Gjennomsnittleg total nedbør 74 mm
2,9 "
78 mm
3,1 "
128 mm
5,0 "
105 mm
4,1 "
91 mm
3,6 "
128 mm
5,0 "
122 mm
4,8 "
115 mm
4,5 "
104 mm
4,1 "
94 mm
3,7 "
85 mm
3,3 "
87 mm
3,4 "
1198 mm
47,2 "
Kjelde: Niwa Science klimadata

Utdanning endre

Tauranga hyser den teknisk-vitskapelege høgskulen Bay of Plenty Polytechnic og ei avdeling av University of Waikato. Elles har byen og distriktet ei rekkje grunn-, ungdoms-, vidaregåande og høgskular som underviser i dei fleste teoretiske og praktiske fag.

Kjende personar med tilknyting til Tauranga endre

Venskapsbyar endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Folketal ved folketeljinga i 2006. Kjelde: Statistics New Zealand Arkivert 2008-09-15 ved Wayback Machine.
  2. «When did Tauranga District Council officially change its name to Tauranga City Council?». Tauranga City Council.  Vitja 10. juni 2008.
  3. VTours - Downtown Tauranga, arkivert frå originalen 24. mai 2008, henta 11. juni 2008 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 11. juni 2008 
  5. «Bay of Plenty places - Tauranga». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 9. juni 2007. 
  6. arkivkopi, arkivert frå originalen 27. oktober 2005, henta 11. juni 2008 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tauranga

37°41′S 176°10′E / 37.683°S 176.167°E / -37.683; 176.167