Opna hovudmenyen

Giuseppe Arcimboldo (152711. juli 1593) var ein italiensk arkitekt, ingeniør og målar, fødd og død i Milano. Han er særleg kjend for å ha laga fantasifulle portrett skapt beståande av frukter, grønsaker, blomster, fisk og bøker.

Giuseppe Arcimboldo
Giuseppe Arcimboldo.jpg
Fødd 1527
Milano
Død

11. juli 1593
Milano

Yrke kunstmålar
Giuseppe Arcimboldo på Commons
Sommaren, 1563
Elden, 1566

Liv og gjerningEndra

Arcimboldo var fødd i Milano, far hans var ein målar som arbeidde ved Duomo di Milano. Han er kjend som formgjevar av serien Historier av Katarina av Alexandria og glasmåleri i Milano-domen. I 1556 arbeidde han i lag med Giuseppe Meda i utføringa av freskane i Monza-katedralen.

Han måla portrett ved å nytte ulike objekt på lerretet, arrangert slik at objekta samla framstod som eit portrett. Delane i portretta er symbolske for heilskapen. Il Bibliotecario (=Bibliotekaren) er til dømes bygt opp av bøker, og Flora av blomster. På det viset skapte han serien Årstidene og serien Elementa.

Arcimboldo var eit renessansemenneske som var like mykje oppteken av skulpturar, vitskap, arkitektur og formgjeving av klede, som av måleri. I 1562 vart han hoffportrettør til den tysk-romerske keisaren Maximilian II og seinare til sonen hans, Rudolf II.

Stilen hans, såkalla tidleg pre-surrealistisk portrettskildring, vart mykje kopiert av samtidige målarar, noko som til tider gjorde det vanskeleg å skilje hans verk frå dei bileta etterliknarar laga.

BakgrunnsstoffEndra