Giuseppe Tosi (25. mai 191610. juli 1981) var ein italiensk diskoskastar frå Borgo Ticino i Novara-provinsen som vann OL-sølv i øvinga i 1948 og tre strake EM-sølv; 1946, 1950 og 1954.

Giuseppe Tosi


Statsborgarskap Italia, Kongedømet Italia
Fødd 25. mai 1916
Borgo Ticino
Død

10. juli 1981 (65 år)
Roma

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948

Aktiv endre

Tosi vart andremann i diskoskastinga då europameisterskapen 1946 fann stad på Bislett stadion i Oslo. Han vart slått einast av landsmannen Adolfo Consolini, ei skjebne han skulle oppleve tre gongar til i dei store internasjonale meisterskapsmøta fram til 1954. Så òg under dei olympiske sommarleikane i London i 1948. Der var avstanden opp til Consolini nøyaktig 1 meter, det næraste han kom landsmannen i EM- og OL-tevlingar. Fire veker etter OL-finalen i London smelte Tosi til med 54,60 meter under friidrettslandskampen Italia – Argentina, hans livs lengste kast og 16 cm under verdsrekorden til Bob Fitch frå USA.

Både ved EM 1950 og EM 1954 syrgde Consolini og Tosi for italiensk dobbeltsiger i diskos, begge gongane med ein dryg meter fordel Consolini. I italienske meisterskap makta derimot Tosi å verte nasjonal diskosmeister i 1943, 1946, 1957, 1948 og 1951.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • EM 1946 i Oslo: Sølvmedalje – 50,39 m, bakom Adolfo Consolini (53,23 m)
  • OL 1948 i London: Sølvmedalje – 51,78 m, bakom Adolfo Consolini (52,78 m)
  • EM 1950 i Brussel: Sølvmedalje – 52,31 m, bakom Adolfo Consolini (53,75 m)
  • OL 1952 i Helsinki: Nr 8 – 49,03 m
  • EM 1954 i Bern: Sølvmedalje – 52,34 m, bakom Adolfo Consolini (53,44 m)

Kjelder endre