Gjøglar
(Omdirigert frå Gjøgl)
Gjøglar er eit yrke der ein opptrer med underhaldning av ulike slag, som akrobatikk, sjonglering, elddans, klovneri og skodespel. Ei fellesnemning for denne underhaldning kan vera ablegøyar eller gjøgl. Ordet «gjøglar» kjem frå lågtysk gokeler.[1][2]
Omgrepet er særleg knytt til mellomalderen. Frå rundt 1100-talet kunne det visa til ein artist som hadde eit folkeleg publikum, med opptredenar på marknadar og torg. Dette stod i motsetnad til ein narr, som opptredde ved eit hoff. I moderne tid kan ordet visa til ein underhaldar, som ein komikar, med eit breitt publikum.[3]
Galleri
endre-
Akrobatar og linedansarar, frå 1600- eller 1700-talet.
-
Fransk politisk teikning frå 1790 av kardinal Jean-Sifrein Maury, som var erkebiskop av Paris, som balanserer på line som ein gjøglar.
-
Zwei Gaukler mit Bär Äffchen und Hund av Meno Mühlig.
-
Gaukler hinter der Bühne (ca. 1880). Måleri tillagt Ludwig Knaus.
-
Reklameplakat for Ray Burton frå 1892.
-
Den franske sirkusartisten Antoine opptrer på slak line for ei folkemengd ved Edinburgh Festival Fringe i 2013.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «gøgler — ODS», ordnet.dk, henta 25. september 2022
- ↑ «gjøgl» i Nynorskordboka.
- ↑ «gjøgler». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 30. september 2019.