Skomorokh (russisk скоморох, gammalaustslavisk скоморохъ, kyrkjeslavisk скоморахъ, til samanlikning skomrośny, skomroszny på gammalpolsk) var ein austslavisk type gjøglar i mellomalderen. Ein skomorokh kunne synga, dansa, spela musikk og komponera og i tillegg opptre i konsertar og drama.

Lubok frå 1700-talet som viser russiske skomorokhar.
Belarusiske skomorokhar på ei tysk etsing frå 1555.

Etymologi endre

Ordsoga til ordet er ikkje heilt klar.[1] Det finst hypotesar om at ordet er avleidd frå det greske σκώμμαρχος (jf. σκῶμμα, 'spøk'); frå det italienske scaramuccia ('narr'); frå arabisk masẋara og mange andre.[2]

Historie endre

Skomorokhar opptredde i Kyivriket ikkje seinare enn ved midten av 1000-talet. Freskar som viser skomorokh-musikarar i Sofiakatedralen i Kyiv er daterte til 1000-talet.[3]

Nestorkrønika omtaler skomorokhar som tenarar av djevelen. Den ortodokse kyrka tala ofte mot dei og andre former for folkekultur som som uærbødige, som forringe dyrkinga av Gud eller var direkte djevelske. For eksempel kalla Theodosius av Kyiv, ein av medgrunnleggjarane av Holeklosteret på 1000-talet, skomorokhar for "vondskap som skal unngåast av gode kristne". Kunsten deira var knytt til og retta mot vanlege folk, og motarbeidde vanlegvis dei herskande gruppene. Dei blei ikkje berre rekna som udugelege, men til og med ideologisk skadelege og farlege av både føydalherrane og presteskapet.

Dei blei forfølgde i tida då Kyivriket leid av mongolinvasjonar, og kyrkja gjekk inn for streng asketisk livnad. Kunstforma deira nådde eit høgdepunkt på 1400- til 1600-talet. Repertoaret deira omfatta spøkefulle songar, dramatiske og satiriske sketsjar kalla glumy (глуми på ukrainsk), framførte i masker og skomorokh-klede akkompagnert av domra, balalaika, gudok, sekkepipe eller buben (ein type tamburine). Russisk dokketeater var direkte knytt til skomorokh-opptredenar.[4]

Skomorokhar opptredde på gater og torg der dei samspelte med tilskodarar og trekte dei inn i stykka sine. Vanlegvis var hovudkarakteren i ein skomorokh-opptreden ein enkel, morosam muzhik (ukrainsk мужик). På 1500- og 1600-talet kunne skomorokhar av og til gå saman og opptre i ei større gruppe kalla vataga (ukrainsk ватага, 'stor flokk'), som kunne omfatta 70 til 100 folk.

Skomorokhar blei ofte forfølgde av den russisk-ortodokse kyrkja og sivile styresmakter. I 1648 og i 1657 gav tsar Aleksej I ut proklamasjonar (ukaz) med forbod mot skomorokh-kunst, som blei rekna som blasfemisk. Eigedelane deira blei øydelagde og skomorokhane sjølv blei fengsla og forfølgde, men nokre ville framleis opptre under feiringar av høgtider.[5][6][7] På 1700-talet svann skomorokh-kunsten gradvis bort. Nokre av tradisjonane blei overførte til balagans (балаган) og rajokar (райок).[8]

Rolla til skomorokhar i å ta vare på og overlevera folklore var nært knytt til der viktige bidraget deira til uviklinga av sekulær musikk, fyrst i Kiyriket og seinare i Moskovittriket. Før innføringa av kristendommen mot slutten av900-talet var kyivsk musikk særleg kjenneteikna av ritualistiske tilbedingssongar, seremonialle songar (tl dømes til bryllaup og gravferder) og årstidssonger som koliadkij og haivkij. Med den bysantinske kristendommen kom bysantinsk messing og eit sterkt forsøk på å undertrykka innfødd musikk på grunn av den nære tilknyttinga han hadde til heidenskap. Dette forsøket var berre delvis velluka, fordi det hovudsakleg var retta mot meir fokerike byområde og let fjerne landsbygdområde vera. Dermed kunne folkemusikken haldast vedlike på landsbygda relativt urørt.[9]

I kulturen endre

Ein skomorokh opptrer i fyrste episode av Andrej Tarkovskij sin film Andrej Rubljev (1966). Ei gruppe folk søker ly frå regnet i ein låve der dei finn landsbyfolk som blir underhaldne av skomorokh (spelt av Rolan Bykov). Skomorokhen er ein bittert sarkastisk fiende av kyrkja som lever av skarpe og obskøne sosiale kommentarer, og ved å gjera narr av bojarane.

Kjelder endre

  1. «untitled». starling.rinet.ru. 
  2. Курочкін О. В. (2012). Скоморохи. Енциклопедія історії України : у 10 т. (på ukrainsk) 9. Kyiv: Київ: Наукова думка. s. 610–611. 
  3. Курочкін О. В. (2012). Скоморохи. Енциклопедія історії України : у 10 т. (på ukrainsk) 9. Kyiv: Київ: Наукова думка. s. 610–611. 
  4. Курочкін О. В. (2012). Скоморохи. Енциклопедія історії України : у 10 т. (på ukrainsk) 9. Kyiv: Київ: Наукова думка. s. 610–611. 
  5. «Интерфакты. Часть 6. Балалайка» [Interfacts. Part 6. Balalaika] (på russisk). Tomsk Regional State Philarmony. Arkivert frå originalen 9 May 2018. Henta 6 June 2019. 
  6. «Почему Алексей Михайлович приказал сжечь все балалайки» [Why did Alexei Mikhailovich order to burn all the balalaikas] (på russisk). Cyrillitsa.ru. 7. desember 2018. Henta 7. juni 2019. «Everyone knows about the witch hunt of Inquisition times, but only few people aware that in 17th century Russia there were burning balalaikas for the same purpose» 
  7. «Чем исполнители-баяны отличались от скоморохов на Руси?» [How did performers-bayans differ from skomorokhs in Russia?]. detskiychas.ru (på russisk). Children's Hour. Henta 6. desember 2020. 
  8. Курочкін О. В. (2012). Скоморохи. Енциклопедія історії України : у 10 т. (på ukrainsk) 9. Kyiv: Київ: Наукова думка. s. 610–611. 
  9. Zguta, R. "Skomorokhi: The Russian Minstrel-Entertainers" https://doi.org/10.2307/2494335

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Skomorokh