Koordinatar: 59°59′13.276″N 10°55′52.255″E

Gjelleråsen er ein ås på grensa mellom kommunane Oslo, Lillestrøm og Nittedal, og er delt mellom Oslo i vest, Lillestrøm i aust og Nittedal i nord. Dessutan er Gjelleråsen namnet på den tettbygde luten lengst sør i Nittedal kommune, med namn som Hagan, Skillebekk og Holumskog.

Riksveg 4 Gjelleråsen

Over Gjelleråsen går det fleire viktige historiske vegfar. Det eldste faret er den såkalla Oldtidsvegen, som kan sporast frå Fossum gård i Groruddalen attmed Stovner senter og over det høgste partiet av åsen. Gravrøyser tett attmed vegfaret indikerer at dette vegfaret er av særs høg alder.