Opna hovudmenyen

Koordinatar: 64°32′5″N 12°24′7″E

Gløshaug kyrkje
kyrkje
Gløshaug kirke.jpg
Foto: kirkenorge.no
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Namdal
Sokn Harran
Fellesråd Grong
Type langkyrkje
Arkitekt Bjørn Larsen
Teknikk tømring
Material tre
Innvigd 1689
Sitjeplassar 100
Wikimedia Commons: Gløshaug kirke

Gløshaug kyrkje ligg på Gartland i Grong kommune i Trøndelag. Kyrkja inngår i Namdal prosti og vart bygd som ei langkyrkje i 1689.

HistorieEndra

På plassen der kyrkja ligg, har det før vore ei stavkyrkje, sannsynleg bygd omkring 1300. 21. februar 1689 sende prost Peder Resen søknad om å få rive den «gamle brøstfeldige» stavkyrkja for å få byggje ei ny kyrkje. Det fekk han lov til, og same år starta arbeidet med ny kyrkje på Fiskum. Rekneskapen for det nye kyrkjebygget viser at kostnadene kom på 36 1/2 riksdalar og seks skilling. Då den nye kyrkja på Fiskum var teken i bruk, vart det vurdert å rive Gløshaugkyrkja for å gjere pengar på materialane.

Til alt hell kjøpte den engelske sportsfiskaren Mr. Thomas Merthyr Guest kyrkja. Guest hadde forpakta laksevald på Gartland og Rosset i 30 år og på same tid kjøpt to gardar på Gartland, deriblant garden som kyrkja står på. Etter at han døydde overtok lady Theodora Guest som eigar, og i 1908 overdrog ho kyrkja til Helmer P. Gartland, som no var eigar av garden som kyrkja står på. I 1910 skøytte Gartland kyrkja over til Harran soknekommune på visse vilkår.

Altarskapet i den gamle kyrkja vart sendt over til England, men i dag er delar av dette ført attende.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra