Grong
Grong er ein tettstad og administrasjonssenteret i Grong kommune i Trøndelag fylke. Tettstaden ligg ved der elvane Namsen og Sanddøla flyt saman og har 1 065 innbyggjarar per 1. januar 2017.
Grong | |||
Mediå | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Grong | ||
Areal | 1,11 km² | ||
Folketal | 1 065 (2022) | ||
Folketettleik | 959 / km² | ||
Postnummer | 7870 Grong | ||
![]() Grong | |||
Wikimedia Commons: Grong (village) | |||
Busetnaden i Grong ligg i hovudsakleg rundt Mediå, der mellom anna kommunehuset, barne- og ungdomsskolen, vidaregåande skole og Namdals folkehøgskole held til. Jernbanestasjonen og Grong kyrkje ligg i bygningsmassen litt lenger sør, aust for Tømmeråshola i Sanddøla. E6 passerer Grong på vest- og nordsida, medan fylkesveg 391 og fylkesveg 392 tar av frå E6 og går inn til tettstaden.[1]
Sjå òg endre
Kjelder endre
- ↑ «Grong - tettsted». Store norske leksikon. 1. april 2016. Henta 28. mai 2017.