Rocka Rolla
Studioalbum av Judas Priest
Språk engelsk
Utgjeve 6. september 1974
Innspelt Juni - juli 1974
Studio Island, Trident og Olympic Studios
Sjanger Hardrock
Lengd 38:49
Selskap Gold
Produsent Rodger Bain
Judas Priest-kronologi 
Rocka Rolla Sad Wings of Destiny

(1976)

Singlar frå Rocka Rolla
  1. «Rocka Rolla»
    Utgjeve: August 1974

Rocka Rolla er debutalbumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest, gjeve ut 6. september 1974 av Gold Records. Det vart produsert av Rodger Bain, so hadde blitt kjend som produsent for dei tre første albuma til Black Sabbath. Dette er det einaste albumet deira med trommeslagaren John Hinch.

Bakgrunn endre

I følgje bandet vart heile albumet spelt inn «live» i studio.[1] Bandet har også meddelt at det var tekniske problem i studio, som førte til dårleg lydkvalitet og suseslyd gjennom heile albumet.

Gitaristen Glenn Tipton hadde nettopp kome inn i bandet då innspelinga av Rocka Rolla byrja og bidrog ikkje med låtar utanom om på tittelsporet. Han skreiv songane «Tyrant», «Epitaph» og «Ripper», men Bain meinte dei ikkje var kommersielle nok og avviste dei. Bain avviste òg den faste konsertlåten «Whiskey Woman», som seinare, med bidrag frå Tipton, vart til «Victim of Changes». Desse songane kom alle med på det neste albumet, Sad Wings of Destiny. I tillegg dannar «Winter», «Deep Freeze» og «Winter Retreat» ein suite, men er oppførte som fråskilde spor og delte inn slik på CD-utgåva.

«Dying to Meet You» inneheld ein tydeleg pause før ein uoppført song (ofte kalla «Hero Hero») byrjar. Det kan vere at plateselskapet insisterte på at det berre skulle vere ti spor på albumet, og det derfor vart gjort slik. Eventuelt kan den uoppførte songen berre ha vore del to av «Dying to Meet You», sidan det er slik teksten vart trykt i 1978 på samleplata Best of....

Songane på albumet var hovudsakleg skrivne av den tidlegare frontmannen i Judas Priest, Al Atkins, Ian Hill og K.K. Downing, og hadde blitt spelt på konsertane deira i Manchester, der bandet hadde fått ein liten tilhengjarskare dei siste åra. Songen «Caviar and Meths» var opphavleg ein 14 minuttar lang episk song av Atkins, men på grunn av tidsavgrensinga på albumet, vart berre introen av songen teken med. Ein lengre versjon av songen finst på albumet til Atkins frå 1998, Victim of Changes. Sjølv om heller ikkje dette er den heile versjonen, er han langt lengre med ei lengd på sju minutt.

På dette tidspunktet i karrieren til bandet, hadde dei ikkje utvikla imaget sitt med skinn og naglar enno. Dei spelte på det britiske fjernsynsprogrammet The Old Grey Whistle Test i 1975, der dei framførte «Rocka Rolla» og «Dreamer Deceiver», og garderoben deira var særs «hippie-aktig» som journalist Malcolm Dome kalla det. Desse klippa vart inkludert på DVD-en Electric Eye. I tillegg var albumet meir blues/hardrock-orientert enn dei seinare albuma,[2] og har nokre lette element av progressiv rock, som fortsette fram til Stained Class. Albumet har altså ein heilt annan stil enn på seinare Priest-album, sjølv om «Rocka Rolla» har doble gitarar og «Run of the Mill» er den første songen som vart forma for vokalrekkjevidda til Halford og ikkje Atkins.

Trommeslagaren John Hinch måtte gå i 1975 før det neste albumet vart spelt inn. Tipton sa seinare at han «ikkje var musikalsk god nok» for dei framtidige planane til bandet.

 
Rob Halford kom med ei kort forklaring under framføringa av «Never Satisfied» under Epitaph-turneen, sidan det var «nokre få tomme blikk» frå publikum medan dei spelte songen.[3]

Albumet vart gjeve ut på nytt i 1987 med eit anna plateomslaget. Det originale «flaskekork»-omslaget vart designa av John Pasche for eit uspesifisert Rolling Stones-album, og dei hadde anlagt eit søksmål med Coca-Cola.[4] Det nye omslaget (av Melvyn Grant og opphavleg nytta som omslag til romanen The Steel Tsar) vart òg nytta for det amerikanske omslaget av videospelet Ballistix for Turbo Grafx 16 og Commodore Amiga.[5]

Få av songane frå Rocka Rolla har blitt spelt på konsertar av Judas Priest etter midten og slutten av 1970-åra, sjølv om solobandet til Halford spelte «Never Satisfied» under konsertar i 2003, og den same songen vart spelt på Epitaph-turneen.

Turneen for Rocka Rolla vart den første internasjonale turneen til Judas Priest[6] med konsertar i Tyskland, Nederland, Noreg og Danmark. Mellom anna spelte dei på Hotell Klubben[7] i Tønsberg, der dei fekk noko negativ omtale i den lokale pressa.[8]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [9]

Albumet vart nesten ikkje lagt merke til då det kom ut og selde berre «nokre få tusen eksemplar». På grunn av det mislukka salet, hamna bandet i store økonomiske vanskar. Dei prøvde å få i stand ein avtale med Gold Records om å få 50 pund i veka i løn, men selskapet hadde òg store økonomiske vanskar og avslo dette.[10] I ei seinare melding gav Allmusic Rocka Rolla 2,5 av fem stjerner og sa at sjølv om det heile var ein «overflatisk og ufokusert debut» hadde albumet «definitivt hint av potensialet og originaliteten til Judas Priest.»[9]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«One for the Road»Rob Halford, K.K. Downing4:34
2.«Rocka Rolla»Halford, Downing, Glenn Tipton3:05
3.«Winter»Al Atkins, Downing, Ian Hill1:42
4.«Deep Freeze»Downing1:21
5.«Winter Retreat»Halford, Downing3:28
6.«Cheater»Halford, Downing2:59
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Never Satisfied»Atkins, Downing4:50
8.«Run of the Mill»Halford, Downing, Tipton8:34
9.«Dying to Meet You/Hero, Hero»Halford, Downing6:23
10.«Caviar and Meths» (Instrumental)Atkins, Downing, Hill2:02
Bonusspor på nymastra utgåve frå 1987
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Diamonds & Rust» (Joan Baez-song, spelt inn i 1975)Joan Baez3:12

Den originale britiske LP-versjonen har ein lengre versjon av «Rocka Rolla» enn versjonen som kom ut på den amerikanske LP-versjone og dei fleste CD-versjonane. Han har eit ekstra vers og refreng i byrjinga av songen.

Versjonen av «Diamonds & Rust» som finst på nyutgjevinga er i røynda frå innspelinga av Sad Wings of Destiny og ikkje versjonen som finst på Sin After Sin. Han vart truleg teken med for å auke interessa for Rocka Rolla, eit album som hadde vore ukjend for mange fans fordi songane ikkje vart spelte på konsertane til bandet etter 1970-åra.

Rocka Rolla inneheld den lengste songen til Judas Priest, «Run of the Mill», før «Cathedral Spires» kom ut på Jugulator (1997).

Medverkande endre

Judas Priest
Produksjon

Kjelder endre

  1. Post on the official Judas Priest Facebook page. 2 December 2011. Henta 11. september 2016.
  2. «Metal Recusants». 
  3. Hartmann, Graham «Gruhamed». JUDAS PRIEST’S ROB HALFORD AND IAN HILL TALK ‘CHOSEN FEW,’ UPCOMING ALBUM + MORE. 24 October 2011. Henta 11. september 2016.
  4. «Judas Priest logo history». Kkdowning.net. Arkivert frå originalen 15. juli 2013. Henta 10. september 2016. 
  5. E, Bo (4. november 2012), «Cover Art: Ballistix (Amiga)», BabySoftMurderHands.com (på engelsk), henta 1. januar 2024 
  6. «Judas Priest Info Pages - Forging The Metal». Thexquorum.com. Henta 10. september 2016. 
  7. «Hotell Sentralt i Tønsberg - Quality Hotel Klubben». Nordicchoicehotels.no. Arkivert frå originalen 3. juli 2014. Henta 10. september 2016. 
  8. «Newspaper cutting : Lydsjokk pa Klubben». Kkdowning.net. Henta 11. september 2016. 
  9. 9,0 9,1 Huey, Steve. Rocka RollaAllmusic. Henta 11. september 2016.
  10. «Judas Priest Behind The Music Remastered: Judas Priest». MTV. Henta 10. september 2016.