Toby Keith
Toby Keith Covel (8. juli 1961–5. februar 2024) var ein USA-amerikansk countrysongar, låtskrivar, skodespelar og plateprodusent. Keith gav ut dei fire første studioalbuma sine, Toby Keith i 1993, Boomtown i 1994, Blue Moon i 1996 og Dream Walkin' i 1997, i tillegg til eit samlealbum for forskjellige avdelingar på Mercury Records. Desse albuma selde alle til gullplate eller meir og gav han fleire topp 10-singlar, inkludert debutsingelen «Should've Been a Cowboy», som toppa countrylista og vart den mest spelte countrysongen i 1990-åra. Songen har vorte spelt meir enn tre millionar gonger på radio sidan han kom ut ifølgje Broadcast Music Incorporated.[2]
Toby Keith | |||
| |||
Fødd | 8. juli 1961 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Clinton i Oklahoma i USA[1] | ||
Død | 5. februar 2024 (62 år) | ||
Dødsstad | Oklahoma | ||
Fødenamn | Toby Keith Covel[1] | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1993–2024 | ||
Sjanger | country | ||
Instrument | vokal, gitar | ||
Stemmetype | baryton | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap |
| ||
Verka som | songar-låtskrivar, skodespelar, songar, musikkprodusent | ||
Prisar | National Medal of Arts, Oklahoma Music Hall of Fame |
Han fekk kontrakt hos DreamWorks Records Nashville i 1998 og singelen «How Do You Like Me Now?!» kom ut seint i 1999. Songen var tittelsporet på albumet med same namn og vart den mest selde countrysongen i 2000, og ein av fleire av singlane hans som toppa countrylista då han var på DreamWorks Nashville. Dei tre neste albuma hans, Pull My Chain, Unleashed og Shock'n Y'all, gav han tre førsteplassar på singellista kvar, og alle selde til 4x platinaplate. Ei ny samleplate følgde i 2004, og etter det gav han ut Honkytonk University.
Då DreamWorks vart lagt ned i 2005, skipa Keith sitt eige selskap, Show Dog Nashville, som vart slått saman med Universal South Records til å verta Show Dog-Universal Music i desember 2009. Han gav ut ti studioalbum på Show Dog/Show Dog-Universal frå White Trash with Money i 2006 til The Bus Songs i 2017.
I 2006 debuterte Keith som skodespelar i filmen Broken Bridges, og han spelte i lag med komikaren Rodney Carrington i filmen Beer for My Horses i 2008.
Keith gav ut 19 studioalbum, to julealbum og fem salmealbum, og hadde meir enn 40 millionar selde album. Han hadde 61 singlar inne på Billboard Hot Country Songs-lista, der 20 av dei har nådd toppen av lista, og ytterlegare 21 av dei har nådd topp 10. Lengst på toppen låg songen «Beer for My Horses» (ein duett med Willie Nelson frå 2003) og «As Good as I Once Was» (2005), som begge låg på toppen i seks veker.
Diskografi
endreStudioalbum
endre- Toby Keith (1993)
- Boomtown (1994)
- Blue Moon (1996)
- Dream Walkin' (1997)
- How Do You Like Me Now?! (1999)
- Pull My Chain (2001)
- Unleashed (2002)
- Shock'n Y'all (2003)
- Honkytonk University (2005)
- White Trash with Money (2006)
- Big Dog Daddy (2007)
- That Don't Make Me a Bad Guy (2008)
- American Ride (2009)
- Bullets in the Gun (2010)
- Clancy's Tavern (2011)
- Hope on the Rocks (2012)
- Drinks After Work (2013)
- 35 MPH Town (2015)
Samlealbum
endre- Greatest Hits Volume One (1998)
- 20th Century Masters: The Millennium Collection (2003)
- Greatest Hits 2 (2004)
- 35 Biggest Hits (2008)
- The Bus Songs (2017)
Julealbum
endre- Christmas to Christmas (1995)
- A Classic Christmas (2007)
Singlelåtar
endre- «Should've Been a Cowboy» (1993, førsteplass på Hot Country Songs-lista)[3]
- «A Little Less Talk and a Lot More Action» (1993)
- «Who's That Man» (førsteplass på Hot Country Songs)
- «Me Too» (førsteplass på Hot Country Songs)
- «How Do You Like Me Now?!» (førsteplass på Hot Country Songs)
- «You Shouldn't Kiss Me Like This» (2000, førsteplass på Hot Country Songs)
- «I'm Just Talkin' About Tonight» (førsteplass på Hot Country Songs)
- «I Wanna Talk About Me» (førsteplass på Hot Country Songs)
- «My List»
- «Courtesy of the Red, White, & Blue (The Angry American)» (førsteplass på Hot Country Songs)
- «Who's Your Daddy?»
- «Beer for My Horses» (duett med Willie Nelson) (førsteplass på Hot Country Songs)
- «I Love This Bar» (førsteplass på Hot Country Songs)
- «American Soldier»
- «Whiskey Girl» (førsteplass på Hot Country Songs)
- «As Good as I Once Was» (førsteplass på Hot Country Songs)
- «Love Me If You Can» (førsteplass på Hot Country Songs)
- «She Never Cried in Front of Me» (førsteplass på Hot Country Songs)
- «God Love Her» (førsteplass på Hot Country Songs)
- «American Ride» (2009, førsteplass på Hot Country Songs)
- «Made in America» (2011, førsteplass på Hot Country Songs og Country Airplay-lista i USA)[4]
- «Oklahoma Breakdown» (2022)[5]
Filmar
endre- Broken Bridges (2006)
- CMT Music Awards (2003–2012)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Toby Keith» frå Wikipedia på engelsk, den 8. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Huey, Steve. «Toby Keith biography». Allmusic. Henta 8. november 2020.
- ↑ Shelburne, Craig (1. mars 2007), Toby Keith Jams, Notches 50 Million Airplays, CMT.com, Henta 9. april 2010
- ↑ «Toby Keith Chart History: Country Songs». Billboard. Henta 17.juli 2021.
- ↑ «Toby Keith Chart History: Country Airplay». Billboard. Henta 17. juli 2021.
- ↑ «DISClaimer Single Reviews: Toby Keith Shows Off His Mighty Vocals On ‘Oklahoma Breakdown’». MusicRow. June 16, 2022. Henta 20. juni 2022.