Go A
Go_A er eit ukrainsk folk-elektronikaband som består av vokalisten Kateryna Pavlenko, multiinstrumentalisten Taras Sjevtsjenko, gitaristen Ivan Hryhorjak og Ihor Didentjuk på blåseinstrument. I februar 2020 vann Go_A den ukrainske songtevlinga Vidbir med songen «Solovej». Med sigeren skulle Go_A ha representert Ukraina i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men på grunn av koronavirusutbrotet i 2020 vart tevlinga avlyst. I staden vedtok kringkastaren UA:PBC at Go_A skal representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Sjum».[1]
Go A | |||
| |||
Aktiv | 2012– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | folktronica | ||
Plateselskap | Moon Records, Universal Music Polska |
Bakgrunn
endreGo_A vart skipa i slutten av 2012.[2] Namnet Go_A spelar på det å gå attende til røtene eller start: «go» i tydinga å gå, medan A er den fyrste bokstaven i alfabetet.
Go_A kombinerer folkemusikk med moderne musikksjangrar, som dance og elektronika, ein kombinasjon som har vorte populær i Ukraina. Bandet har opptredd i ei rekkje musikkfestivalar rundt om i landet, og bandet fekk ei hit med låten «Vesnjanka» som låg på den slovakiske hitlista for dance-låtar i seks veker.[3][2] I 2016 gav bandet ut debutplata #Idinazvuk.
Gruppa var relativt ukjend i Ukraina fram til 2020, då Go_A vann den ukrainske songtevlinga Vidbir i regi av tv-kanalane STB og UA:PBC.[4][5] Gruppa deltok med songen «Solovej» (nattergal) og vann både jury- og telefonavrøystina. Med sigeren skulle Go_A representert Ukraina i Eurovision Song Contest i Rotterdam i mai 2020.[2] På grunn av koronaviruspandemien såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[6] Go_A skulle i staden deltake i Eurovision Song Contest 2021, men med ein annan song.[7] I februar 2021 vart det kunngjort at gruppa skulle delta med songen «Sjum» ('støy').[8]
Besetning
endre- Kateryna Pavlenko – vokal
- Taras Sjevtsjenko – diverse instrument
- Ivan Hryhorjak – gitar
- Ihor Didentsjuk – det ukrainske fløyteinstrumentet sopilka og andre blåseinstrument
Diskografi
endreAlbum
endreTittel | Detaljar |
---|---|
#Idinazvuk |
|
Singlar
endreTittel | År | Album |
---|---|---|
«Sjtsjedryj vetsjir» | 2017 | Ikkje frå album |
«Rano-ranenko» | 2019 | |
«Solovej» | 2020 | |
«Sjum» | 2021 |
Referansar
endre- ↑ Herbert, Emily (18. mars 2020). «Ukraine: Go_A Will Represent Ukraine at Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Go_A will represent Ukraine in Rotterdam». eurovision.tv. 22. februar 2020. Henta 24. februar 2020.
- ↑ «Go_A – Ukraina – Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 24. februar 2020.
- ↑ «Ukraine selects Go_A for Eurovision 2020 | KyivPost - Ukraine's Global Voice». 23. februar 2020. Henta 24. februar 2020.
- ↑ «Go_A presents ‘Nightingale’ song for Eurovision 2020 Ukraine’s National Selection» (på engelsk). Arkivert frå originalen 24. februar 2020. Henta 24. februar 2020.
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.
- ↑ «Go-A to represent Ukraine at Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
- ↑ «Ukraine's Go_A will sing "SHUM" at Eurovision 2021» (på engelsk). 4. februar 2021. Henta 6. februar 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Go_A» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mars 2021.