«Sjum»
Song av Go_A
Land Ukraina
Språk Ukrainsk
Utgjeve 22. januar 2021 (originalversjon)
9. mars 2021 (ESC-versjon)
Sjanger Dark-techno,[1] folk[2]
Lengd 03:58 (originalversjon)
02:53 (ESC-version)
03:02 (radioversjon)
Selskap Rocksoulana
Låtskrivar(ar) Taras Sjevtsjenko, Kateryna Pavlenko, Ihor Didentsjuk

«Sjum» (stilisert på engelsk som «SHUM» og på ukrainsk som «ШУМ», tyder 'støy') er ein song av den ukrainske elektrofolk-gruppa Go_A. «Sjum» var det ukrainske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, der han enda på femteplass.[3]

Bakgrunn endre

Teksta til denne songen er ein variasjon av ukrainsk folkemusikk som vert sungen i folkeritualet «sjum».[4][5] Ritualet inneber eit spel og vert utøva om våren. Ifølgje nokre etnografar refererer Sjum til guden eller personifiseringa av skogen.[4][6] Etymologisk kjem namnet på ritualet mest sannsynleg frå dei urslaviske orda šumъ ('støy') eller šuma ('skog').[7]

Vokalisten i Go_A, Kateryna Pavlenko, vaks opp i Nord-Ukraina og songen er inspirert av folkeminnet frå denne regionen.[8]

Om songen endre

«Sjum» vart 4. februar 2021 vald til å representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2021, etter at Go_A vart internt vald som representant for landet av den ukrainske allmennkringkastaren UA:PBC. Songen vart plukka ut av ein jury beståande av fem musikkfolk.[9]

Eurovision Song Contest-versjon endre

I mars 2021 vart ein ny versjon av songen utgjeven med ein ny musikkvideo. Originalutgåva var for lang og hadde lånt tekst frå eksisterande folkesongar, som ikkje er lov i Eurovision Song Contest.[8] Pavlenko fortalde at gruppa strevde med å kutte originalversjonen av songen ned til tre minuttar. Derfor valde dei å lage ein «oppfølgjar» i staden for å kutta ned på den føre songen. Pavlenko forklara at originalversjonen av «Sjum» ikkje var meint for Eurovision Song Contest, men for konsertturneen dei skulle ha etter den avlyste Eurovision Song Contest 2020. Meininga med originalversjonen var å attskape folkeritualet under spelejobbane saman med publikum.[10]

Den nye versjonen av «Sjum» vart tilpassa Eurovision Song Contest og er basert på vesnjanka-folkemusikk. Ifølgje Pavlenko var det meininga at den nye versjonen skulle ha meir «positiv energi», siden originalversjonen, som er basert på folkeritualet, er «meir intens».[10]

Musikkvideo endre

22. januar 2021 publiserte Go_A ein musikkvideo til «Sjum» på YouTube-kanalen til bandet. Litt under tre veker seinare nådde videoen ein million visingar.[11] Pavlenko kommenterte at musikkvideoen vart laga med eit mobilkamera og, til trass for pandemi-estetikken i videoen, at intensjonen deira var å eksperimentere og «filme ein artig video».[4] For Eurovision-versjonen av «Sjum» filma dei ein ny musikkvideo i ein skog nær Tsjernobyl atomkraftverk.[12]

Eurovision Song Contest endre

17. november 2020 stadfesta [EBU at semifinale-inndelinga frå den avlyste 2020-utgåva skulle brukast for tevlinga i 2021. Ukraina deltok i den fyrste semifinalen tysdag 18. mai 2021, der bidraget enda på andreplass. «Sjum» vart dimed kvalifisert til finalen der den vart framført som det 19. bidraget.[13] Songen fekk til saman 364 poeng og enda på femteplass samanlagt. I telefonavrøystinga enda låten på andreplass med 267 poeng, bak vinnarlandet Italia. «Sjum» fekk 12 poeng frå fem land i telefonavrøystinga.[14][15]

Mottaking endre

To dagar etter Eurovision Song Contest gjekk «Sjum» til topps på den globale Spotify Viral 50-lista, og vart liggjande der til 1. juni. Han toppa òg vekelista i slutten av mai.[16] Songen gjekk òg inn på Billboard Global 200 i byrjinga av juni. Songen nådde der ein 158. plass, og «Sjum» vart den fyrste ukrainskspråklege låten til å ta seg inn på lista.[17] Den same veka nådde «Sjum» 80. plass på Billboard Global Excl. U.S.[18] Låten gjekk òg inn på ei rekkje hitlister i Europa i vekene etter Eurovision Song Contest.

Listeplasseringar endre

Liste (2021) Høgaste

plassering

Belgia (Ultratop Flandern)[19] 29
Finland (Suomen virallinen lista)[20] 17
Global 200 (Billboard)[21] 158
Hellas (IFPI Greece)[22] 8
Irland (IRMA)[23] 37
Island (Tónlistinn)[24] 11
Litauen (AGATA)[25] 3
Nederland (Single Top 100)[26] 19
Russland (Tophit Radio & YouTube)[27] 33
Slovakia (Singles Digitál Top 100)[28] 61
Storbritannia (UK Singles )[29] 59
Sveits (Schweizer Hitparade)[30] 36
Sverige (Sverigetopplistan)[31] 27
Tsjekkia (Singlast Digitál Top 100)[32] 55
Tyskland (Deutsche offizielle Charts)[33] 66
Ukraina (Tophit Radio & YouTube)[27] 1
US World Digital Song Sales (Billboard)[34] 3
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[35] 35

Utgjevingshistorikk endre

Region Dato Format Merke
Diverse 22. januar 2021 Digital nedlasting, strøyming Utgjeve på eige forlag

Kjelder endre

  1. https://wiwibloggs.com/2021/02/03/listen-go_a-release-snippets-of-their-three-potential-eurovision-2021-entries-selected-song-to-be-announced-on-thursday/261286/
  2. https://www.kyivpost.com/lifestyle/ukrainian-band-go_a-present-new-song-shum-for-eurovision-2021.html
  3. «Go_A - Ukraine - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 6. februar 2021. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «"Порвали зелену шубу": про що насправді пісня "Шум" Go_A, яку Україна везе на Євробачення». BBC News Ukraine (på ukrainsk). 8. februar 2021. 
  5. Smith, David. «Ukraine: Can Go_A's "SHUM" go to Eurovision in its current form? Or will the folklore-inspired lyrics need to be re-written?». Wiwibloggs. 
  6. Лідія Козар. Весняна обрядовість у виданні Б. Грінченка «Этнографические материалы, собр. в Черниговской и соседних с ней губерниях»: дохристиянські вірування і сучасний контекст. — Міфологія і фольклор, № 1 — 2012.
  7. «ШУМ — ЕТИМОЛОГІЯ | Горох — українські словники». goroh.pp.ua (på ukrainsk). Henta 28. mai 2021. 
  8. 8,0 8,1 «Go_A "Shum" Lyrics in English - Ukraine Eurovision 2021». wiwibloggs (på engelsk). 12. april 2021. Henta 29. mai 2021. 
  9. «Ukraine's Go_A will sing "SHUM" at Eurovision 2021» (på engelsk). 4. februar 2021. Henta 6. februar 2021. 
  10. 10,0 10,1 «Прем'єра кліпу Go_A для Євробачення-2021 на Суспільному». UA:ПЕРШИЙ. 9 March 2021. 
  11. Ten Veen, Renske (9 February 2021). «Ukraine: STB news programme reports that Go_A's "SHUM" will be revamped because of its folklore-inspired melody and lyrics». Wiwibloggs. 
  12. Бекстейдж кліпу Go_A для Євробачення-2021 ӏ HALLO, Євробачення. VLOG #1 (på engelsk), henta 2. juni 2021 
  13. «⭐️ Grand Final Running Order ⭐️» (på engelsk). 20. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  14. «Go_A - Ukraine - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 24. august 2021. 
  15. «Results of the Grand Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 24. august 2021. 
  16. «Spotify Charts». Henta 3. juni 2021. 
  17. «Billboard Global 200 Chart». Henta 2. juni 2021. 
  18. «"Вперше для україномовної музики": пісня "Шум" потрапила в американський чарт Billboard (фото)». Фокус (på ukrainsk). 2. juni 2021. 
  19. «Go_A - Shum - ultratop.be». Henta 24. august 2021. 
  20. «finnishcharts.com - Go_A - Shum». Henta 24. august 2021. 
  21. «Billboard Global 200 Chart – the week of June 5, 2021». Billboard. 12. juni 2021. Henta 19. juni 2021. 
  22. «IFPI Charts – uke 21, 2021». Arkivert frå originalen 7. juni 2021. Henta 24. august 2021. 
  23. «Official Irish Singles Chart Top 50 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 28. mai 2021. 
  24. «TÓNLISTINN – LÖG vika 21–2021» (på islandsk). Tónlistinn Plötutíðindi. 31. mai 2021. Arkivert frå originalen 31. mai 2021. Henta 6. juni 2021. 
  25. «2021 21-os SAVAITĖS (gegužės 21-27 d.) SINGLŲ TOP100.» (på litauisk). 28. mai 2021. Henta 29. mai 2021. 
  26. Hung, Steffen. «Go_A - Shum». Henta 24. august 2021. 
  27. 27,0 27,1 «Russia Radio & YouTube – Top Week Hits – Tophit Music Charts». 3. juni 2021. Henta 19. juni 2021. 
  28. «ČNS IFPI – SK Singles Digital Top 100, Go_A Shum, Sony Music». Henta 6. juni 2021. 
  29. «zitti e buoni | full Official Chart History | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 29. mai 2021. 
  30. «Go_A - Shum - hitparade.ch». Henta 24. august 2021. 
  31. «swedishcharts.com - Go_A - Shum». Henta 24. august 2021. 
  32. «ČNS IFPI». IFPI Tsjekkia. 31. mai 2021. Henta 6. juni 2021. 
  33. «germancharts.de - Go_A - Shum». Henta 24. august 2021. 
  34. «World Digital Song Sales Chart – the week of June 5, 2021». Henta 6. juni 2021. 
  35. Hung, Steffen. «Go_A - Shum». Henta 24. august 2021.