Krishnaelva
Krishna eller Krishnaveni, tidlegare Kistna, er ei av dei lengste elvane i India. Med ei lengd på rundt 1300 km er ho den tredje lengste elva i India, etter Ganges og Godavari. Krishna har utspring ved Mahabaleswar i Dei vestlege Ghatfjella i Maharashtra. Ho renn aust til Wai, så søraustover gjennom Sangli, aust gjennom Karnataka til Andhra Pradesh og munnar ut i Bengalbukta ved Hamasaladeevi i Andhra Pradesh.[1]
Krishna | |||
Marathi कृष्णा नदी Kannada ಕೃಷ್ಣಾ ನದಿ Telugu కృష్ణా నద | |||
Elv | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Statar | Maharashtra, Karnataka, Andhra Pradesh | ||
Region | Sør-India | ||
Byar | Talakaveri | ||
Lengd | 765 km | ||
Kjelde | Mahabaleswar | ||
Munning | Vijayawada i Bengalbukta | ||
Krishnaelva 17°55′28″N 73°39′36″E / 17.924444444444°N 73.66°E | |||
Kart over dei største elvane i Sør-India.
| |||
Wikimedia Commons: Krishna River |
Krishna er ei av fleire heilage elvar i India, og å bada her skal reinsa ein frå synd. Namnet «Krishna» tyder 'mørk' (som i gudenamnet Krishna). Tradisjonelt blir det hevda at elva har utspring gjennom munnen til ein kustatue i Mahadev-tempelet i Mahabaleshwar. Ho skal vera ein inkarnasjon av hinduguden Visjnu etter ei forbanning av Savitri. Dei andre gudane i trimurtien, Brahma og Sjiva, skal danna bielvane. Området ved Sangli, der tre elvar renn saman med Krishna, er særskild heilag og er også kjend som Sangameshwar.[2]
Krishna har ei rekkje bielvar, dei største er Bhimaelva frå nord og Tungabhadra frå sør.[3] Elva er demd opp to stader: Ved Srisailam med Srisailam-demningen, og ved Nagarjuna-åsen med Nagarjuna Sagar-demningen. Elva blir forureina gjennom avløp og bielvar som renn forbi større byar og industriverksemder.[4]
Mot slutten av løpet sitt dannar Krishna eit rikt og fruktbnart elvedelta som går i eitt med deltaet til Godavari. Deltaet renn ut i Bengalbukta ved Vijayawada. Det veks mangroveskog ved munningen, med fleire fastbuande og trekkkfuglar og dyr som fiskarkatt, oter, hjorteantilope, aksishjort, sambar og saltvasskrokodille.[5] Ein del av skogen er verna som Krishna naturreservat.[2]
Elva er ikkje farbar. Vasstanden varierer mykje med monsunregn og tørke,[6] og er derfor vanskeleg å bruka til kunstig vatning.[3] Under monsuntida fører elva med seg mykje matjord frå tidlegare i løpet og avset det i deltaet.[2]
Kjelder
endre- ↑ Rivers of India, nih.ernet.in
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Krishna River, Indian River, indianetzone.com
- ↑ 3,0 3,1 Krishna River, britannica.com
- ↑ River Krishna, rainwaterharvesting.org
- ↑ «Krishna River», ecoindia.com
- ↑ Water level in Krishna river rises, no flood threat issued in Karnataka, ndtv.com (June 20, 2013)