Going Up the Country

Going Up the Country
Singel av Canned Heat
frå albumet Living the Blues
B-side

One Kind Favor

Utgjeve 22. november 1968
Innspelt 6.-7. august 1968
Studio I.D. Sound Recorders i Hollywood i California
Sjanger Bluesrock
Lengd 2:50
Selskap Liberty
Komponist Alan Wilson
Tekstforfattar Alan Wilson
Produsent Canned Heat, Skip Taylor
Canned Heat-kronologi 
«On the Road Again»
(1968)
Going Up the Country «Time Was»
(1969)


«Going Up the Country» er ein song omarbeidd og innspelt av det amerikanske bluesrockbandet Canned Heat. Det er bitt kalla ein «hymne for hippielandsbygda»[1] og var ein av dei største hittane og ein av dei mest kjende songane deira.[2] Som med den førre singelen, «On the Road Again», vart songen omarbeidd frå ein bluessong frå 1920-åra og songen i kontratenor-stil av Alan Wilson.

Bakgrunn og komposisjon

endre

Canned Heat, som var store fans av tidleg blues, og baserte «Going Up the Country» på «Bull Doze Blues», innspelt i 1928 av Texas-bluesmannen Henry Thomas.[3] Thomas var frå songster-tradisjonen og hadde ein unik stil,[4] og akkompagnerte stundom seg sjølv på quills, eit tidleg afroamerikansk blåseinstrument som minnar om ei panfløyte. Han spelte inn «Bull Doze Blues» i Chicago den 13. juni 1928, for Vocalion Records.[5]

For «Going Up the Country» nytta Wilson i Canned Heat melodien til Thomas på quills og den grunnleggjande rytmen hans, men arrangerte han for rock og skreiv om teksten. I tillegg til bass- og trommeseksjonen, spelte Henry Vestine «lett elektrisk rytmegitar»[3] og multiinstrumentalisten Jim Horn spelte fløyte.[6]

Utgjeving

endre

«Going Up the Country» vart først gjeven ut på det tredje albumet til Canned Heat, Living the Blues, i november 1968.[7] Liberty Records gav ut songen på singel den 22. november 1968,[7] og han nådde 11. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista den 25. januar 1969.[8] Ingen andre singlar av Canned Heat nådde høgare enn dette i USA.[8] 7. januar 1969 klatra songen til 19. plassen på UK Singles Chart.[9] Songen finst på fleire samlealbum av Canned Heat, inkludert Canned Heat Cookbook, Let's Work Together: The Best of Canned Heat (1989) and Uncanned! The Best of Canned Heat (1994).[7]

Framføringar

endre

Canned Heat framførte «Going Up the Country» på Woodstockfestivalen i august 1969. Songen vart skildra som ein «uoffisiell hymne» for festivalen.[10] I filmen Woodstock vert studioinnspelinga av songen nytta under ein montasje av festivaldeltakarane. På filmmusikkalbumet frå 1970, Woodstock: Music from the Original Soundtrack and More, vert konsertutgåva frå festivalen nytta.

Songen vart nytta i ein episode av The Wonder Years.[11]

Kjelder

endre
  1. Planer, Lindsay. Going Up the CountryAllmusic. Henta 26. august 2018.
  2. Pearson, Barry Lee (1996). «Canned Heat». I Erlewine, Michael. All Music Guide to the Blues. San Francisco: Miller Freeman Books. ISBN 0-87930-424-3. 
  3. 3,0 3,1 Greenwald, Matthew. Going Up the CountryAllmusic. Henta 26. august 2018.
  4. Shadwick, Keith (2007). «Henry «Ragtime» Thomas». The Encyclopedia of Jazz & Blues. London: Quantum Publishing. s. 411. ISBN 978-0-681-08644-9. 
  5. Vocalion no. 1230
  6. Fløyta på albumversjonen og singelversjonen er litt forskjellig. På den eine versjonen vert den tredje noten berre heldt ein augneblink, medan han på den andre vert heldt i to eller tre sekund.
  7. 7,0 7,1 7,2 Russo, Greg (1994). Uncanned! The Best of Canned Heat (CD set booklet). Canned Heat. New York City: EMI Records/Liberty Records. s. 23. 7243 8 29165 2 9. 
  8. 8,0 8,1 «Canned Heat: Chart History – Hot 100». Billboard.com. Henta 21. mai 2018. 
  9. «Canned Heat – Singles». Official Charts. Henta 21. mai 2018. 
  10. Bennington, Vicki (24. april 2008). «Canned Goods». The Telegraph (Alton) (Ohio Community Media). 
  11. «The Wonder Years Episode & Music Guide - Season 6 - Fishing». Arkivert frå originalen 6. august 2018. Henta 5. august 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre