Golda Meir

israelsk diplomat og politikar

Golda Meir[a] (3. mai 18988. desember 1978), kjent som Golda Myerson frå 1917–1956) var fjerde statsminister i og ein av grunnleggjarane av Staten Israel.[1]

Golda Meir

Fødd3. mai 1898
Ukraina
Død8. desember 1978 (80 år)
Statsborgar avPalestinamandatet, Israel
PartiDet israelske arbeidarpartiet
Yrkelærar, politikar
Utdanna vedUniversity of Wisconsin–Milwaukee
North Division High School
Wisconsin State College of Milwaukee
EktefelleMorris Meyerson
BarnMenahem Meir
MedlemJewish National Council
Alle verv
  • Statsminister i Israel (1969–1974)
  • Israels utenriksminister (1956–1966)
  • Knesset-medlem (1949–1951)
  • Israels innenriksminister (1970–1970)
  • Labor Minister of Israel (1949–1956)
  • Knesset-medlem (1951–1955)
  • Knesset-medlem (1955–1959)
  • Knesset-medlem (1959–1961)
  • Knesset-medlem (1961–1965)
  • Knesset-medlem (1965–1968)
  • Knesset-medlem (1968–1969)
  • Knesset-medlem (1969–1969)
  • Knesset-medlem (1969–1974)
  • Knesset-medlem (1974–1974)
  • ambassador of Israel to the Soviet Union (1948–1949) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke endre

Meir var fødd Golda Mabovitsj (kyrillisk skrift Голда Мабович) i ein fattig familie i Kyiv, i Det russiske imperiet (noverande Ukraina). Ho hadde to søstrer pluss fem søsken som døydde som barn. Åtte år gamal emigrerte ho i 1906 saman med familien sin til Milwaukee i Wisconsin.[2]

Golda Meir vart gradvis meir involvert i den jødiske sionistiske rørsla. På slutten av den andre verdskrigen, tok ho del i forhandlingane med britane som resulterte i stiftinga av staten Israel. Meir var ein av dei 24 personane som 14. mai 1948 skreiv under på sjølvstendeerklæringa til Israel. Det første israelske passet vart gitt til Golda Meir, og ho kunne reise til USA for å samle inn pengar til den nye staten. Då ho vende tilbake vart ho landets første ambassadør i Sovjetunionen,[3] der ho var i teneste ei kort tid før ho forlet Moskva i 1949. Ho kom attende til Israel i 1949 for å bli minister for arbeidarpartiet.

Merknadar endre

  1. hebraisk skrift גולדה מאיר; arabisk skrift جولدا مائير

Kjelder endre

  1. «Golda Meir» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Golda Meir» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 7. september 2023. 
  3. «Golda Meir» (på engelsk). Ministry of Foreign Affairs of the State of Israel. Henta 7. september 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Golda Meir
  Commons har multimedium som gjeld: Golda Meir