Good Morning Little Schoolgirl

(Omdirigert frå Good Morning, School Girl)
Good Morning, School Girl
Singel av Sonny Boy Williamson I
B-side

«Sugar Mama Blues»

Utgjeve 1937
Innspelt Aurora, Illinois, 5. mai 1937
Sjanger Blues
Lengd 3:00
Selskap Bluebird - no. 7059
Låtskrivar(ar) Ukjend
Sonny Boy Williamson I-kronologi 
«Got Bottle Up & Gone»/ «Skinny Woman»
(1937
Good Morning, School Girl «Blue Bird Blues»/ «Jackson Blues»
(1937


«Good Morning, School Girl» er ein bluesstandard som har blitt identifisert som ein innverknadsrik bluessong.[1] Chicago blues-vokalisten og munnspelpioneren John Lee «Sonny Boy» Williamson var den første til å spele inn songen i 1937. Sidan er songen blitt spelt inn av mange andre artistar, vanlegvis med tittelen «Good Morning Little Schoolgirl».[2]

Original song endre

Sonny Boy Williamson I spelte inn «Good Morning, School Girl» i 1937 under den første innspelinga si for Bluebird Records.[1] Songen er ein livleg blues med ujamt tal på taktar.[3] Sjølv om han vert rekna som Chicago-blues, står det i merknadane om songen i Blues Hall of Fame «han var eit produkt av Sonny Boy sine røter vest i Tennessee og arbeidet han gjorde før han kom til Chicago».[1] Melodien er blitt spora attende til «Back and Side Blues», ein bluessong frå 1934 spelt inn av Son Bonds. «Good Morning, School Girl» har Williamson på vokal og munnspel og han vert akkompagnert av Big Joe Williams og Robert Lee McCoy - òg kjend som Robert Nighthawk - på gitar.

Bluesversjonar endre

I oktober 1948 spelte Leroy Dallas inn ein versjon av songen han kalla «Good Morning Blues».[4][5] Han vart gjeven ut som singel på Sittin' In With Records.[6] Bluesartisten Smokey Hogg frå Texas spelte inn sin versjon og kalla han «Little School Girl». I 1950 nådde songen femteplassen på Billboard R&B-lista.[7] Joe Hill Louis spelte inn ein elektrisk versjon av songen kalla «Good Morning Little Angel» i februar eller mars 1953.[8] Seint i 1950- eller tidleg i 1960-åra vart fleire akustiske countryblues-versjonar av «Good Morning Little Schoolgirl» spelte inn, mellom andre av John Lee Hooker, Lightnin' Hopkins, Mississippi Fred McDowell, Muddy Waters og Doctor Ross. I 1965 vart songen spelt inn av Junior Wells med Buddy Guy som ein Chicago blues, med ein markant gitar og bass, for det innverknadsriket albumet deira Hoodoo Man Blues. McDowell spelte songen i 1971 på Live in New York og i 1978, spelte Muddy Waters inn ein oppdatert versjon for I'm Ready.

I 1957 spelte Larry Williams truleg inn den første rock and roll-versjonen av songen, og kalla han «Little School Girl.»[9]

Don and Bob/Yardbirds-versjonen endre

Good Morning, Little Schoolgirl
Singel av Don and Bob
B-side

«I'm Lost»

Utgjeve 1961
Innspelt 1961
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 2:25
Selskap Argo - no. 5400
Låtskrivar(ar) Don Level, Bob Love

I 1961 spelte Don Level og Bob Love, som rhythm and blues-duoen «Don and Bob», inn ein annleis versjon av «Good Morning Little Schoolgirl» for Argo Records, ein etikett under Chess.[10] Sjølv om dei brukte linja «good morning little schoolgirl», har songen ein annan akkordsekvens og tekst, mellom anna med referansar til populære dansestilar på den tida.[11]The Yardbirds såg etter ein song til å følgje opp den første singelen sin, «I Wish You Would», valde dei Don and Bob-songen.[11] Singelen kom ut 20. oktober 1964 i Storbritannia, der han nådde 49. plassen på den britiske singellista.[12] Epic Records, det amerikanske selskapet til The Yardbirds, gav ikkje ut singelen i USA, men i 1965 tok dei han med på det første amerikanske albumet deira, For Your Love. Eit konsertopptak av songen vart gjort i Marquee Club i London, og denne kom ut på det britiske debutalbumet deira, Five Live Yardbirds, i desember 1964. Singelversjonen til The Yardbirds vart tilskriven «Demarais» eller «H.G. Demarais» (Dee Marais), ein plateselskapssjef i Shreveport i Louisiana som gjorde forretningar med Leonard Chess, medan seinare nyutgjevingar fører opp Sonny Boy Williamson som låtskrivar.[13]

Ettermæle endre

I 1990 vart Sonny Boy Williamson I sin versjon av «Good Morning, School Girl» innlemma i Blues Foundation Hall of Fame i kategorien «Classics of Blues Recordings – Single or Album Track».[1] Mange andre artistar har spelt inn songen gjennom åra,[2] som:[14]Paul Butterfield - 1964, Rod Stewart - 1964, Junior Wells - 1965, Chuck Berry - 1967, Grateful Dead - 1967, Taj Mahal - 1969, Ten Years After - 1969, Johnny Winter - 1969, Van Morrison - 1993, Paul Rodgers med Jeff Beck - 1993, Huey Lewis and the News - 1994,Jonny Lang - 1997, The Derek Trucks Band - 1998, Devil In A Woodpile - 1998, Gov't Mule - 2012 og Widespread Panic - 2012. Motörhead (berre konsert). The Allman Brothers Band spelte songen på den siste konserten sin i Beacon Theater i New York den 28. oktober 2014.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Blues Foundation (November 10, 2016). «1990 Hall of Fame Inductees: Good Morning, School Girl – Sonny Boy Williamson - No. 1 - Bluebird 1937». The Blues Foundation. Henta 7. juli 2017. 
  2. 2,0 2,1 Dahl, Bill (1996). «Sonny Boy Wiliamson [I]». I Erlewine, Michael. All Music Guide to the Blues. San Francisco: Miller Freeman Books. s. 283. ISBN 0-87930-424-3. 
  3. Hal Leonard (1995). «Good Morning Little Schoolgirl». The Blues. Milwaukee, Wisconsin: Hal Leonard. s. 75. ISBN 0-79355-259-1. 
  4. «Cover versions of Good Morning Blues by Leroy Dallas and His Gitar». SecondHandSongs. Henta 7. juli 2017. 
  5. «Illustrated Leroy Dallas discography». Wirz.de. Henta 7. juli 2017. 
  6. «Leroy Dallas - Good Morning Blues - Shellac». Discogs.com. Henta 7. juli 2017. 
  7. Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research. s. 192. ISBN 0-89820-068-7. 
  8. Joe Hill Lewis, King of the One Man Bands, Key Postwar Cuts, 1952-1954, JSP Records, JSP 4208B, 2008
  9. Larry Williams: Bad Boy The Legends of Specialty Records, Speciality Records 1989, liner notes
  10. Good Morning, Little Schoolgirl (Single label). Don and Bob. Argo Records. 1961. 5400. 
  11. 11,0 11,1 O'Neal, Jim (Januar–februar 2006), «Good Morning, Little School Girl», Living Blues (181) 
  12. «Yardbirds – Singles». Official Charts. Henta 7. juli 2017. 
  13. Koda, Cub; Russo, Gregg (2001). Ultimate! (Boxed set booklet). The Yardbirds. Los Angeles: Rhino Records. s. 44. OCLC 781357622. R2 79825. 
  14. «Good Morning Little School Girl – Song Search Results». AllMusic. Henta 7. juli 2017.