Marquee Club var ein musikklubb i London i England.

Marquee Club

Marquee Club i 14 Upper Saint Martins Lane ved Covent Garden i London i august 2007.
Opna19. april 1958
Kart
Marquee Club
51°30′48″N 0°08′02″W / 51.513444444444°N 0.13380555555556°W / 51.513444444444; -0.13380555555556

Då han opna i 1958 på 165 Oxford Street var det primært jazz som vart spelt der. The Rolling Stones heldt sin aller første konsert der 12. juli 1962.[1][2]

1960-talet

endre

I 1964 flytta Marquee til den mest kjende plassen, 90 Wardour Street, der dei aller fleste større rockebanda i England spelte dei neste 25 åra. Band som The Moody Blues, The Who, Yes, David Bowie, Jethro Tull, Jimi Hendrix og Pink Floyd spelte der på 1960-talet.

1970-talet

endre

The Rolling Stones gjorde eit nytt show der 26. mars 1971 etter 8 år, for å filme ein TV-spesial. Sjølv om det aldri var ein punk-klubb så opptredde fleire punkband der på slutten av 1970-talet og byrjinga av 80-talet; Sex Pistols, The Boys, Eddie and the Hot Rods, The Stranglers, Generation X, London, The Police, The Sinceros, Buzzcocks, The Jam, Joy Division og The Cure var alle og opptredde på scena på Marquee.

 
Paul O Turin på Marquee Club.
 
Rilo Kiley på Marquee i 2004.

1980-talet

endre

På 1980-talet var Marquee ein viktig arena for New Wave of British Heavy Metal (NWOBHM). NWOBHM-band som Angelwitch, Diamond Head, Witchfynde and Praying Mantis var faste der, og Iron Maiden vart filma der for dokumentaren «20th Century Box». Dei spelte òg inn konsertalbumet Live!! +one der i 1980.

Marquee var òg ein viktig arena for progressiv rock på tidleg 80-talet. Det var her eit usignert Marillion byrja å byggje seg opp sin fanbase med utselde konsertar. Andre progrock-band som Pendragon, Solstice, Twelfth Night, IQ, Haze, Cardiacs og Liaison spelte òg på klubben.

Hemmelege konsertar

endre

Den historiske klubben har ofte gjort at større artistar har hatt hemmelege konsertar der, gjerne under falske namn. Artistar som Marillion (under namnet Skyline Drifters og Lufthanser Air Terminal), Prince, Genesis, Iron Maiden, Metallica og Mötley Crüe har alle hatt slike konsertar.

 
Ballboy på Marquee

Nyare utvikling

endre

I 1988 vart lokala selte og klubben flytta til større lokale på 105 Charing Cross Road. Det amerikanske progressiv metal-bandet Dream Theater spelte inn sitt første konsertalbum, Live at the Marquee, på denne staden. Lokala vart selde og klubben stengd i 1996.

I 2002 vart klubben igjen opna, denne gongen i Islington, men vart stengd igjen alt i 2003. Namnet vart igjen brukt på ein ny klubb på 1 Leicester Square midt i turistdistriktet i London i 2004,[3] men klubben vart stengd etter mindre enn 18 månader. I 2007 vart det gjort nok eit forsøk på å opne Marquee CLub, denne gongen Upper Saint Martins Lane i Covent Garden.[4] Han stengde igjen 12. februar 2008.[5]

Kjelder

endre
  1. "The Rolling Stones 40 years anniversary Marquee Club, London, July 12, 1962" Arkivert 20 May 2012 ved Wayback Machine., The Rolling Stones Fan Club of Europe. It's Only Rock'n Roll.
  2. Jim Farber (12 July 1962). «The Rolling Stones – The Rolling Stones celebrate 50 years». New York Daily News. Arkivert frå originalen 21 December 2013. Henta 28 June 2014. 
  3. «The Marquee plays it again – and Hendrix is top of the bill». Independent.co.uk. 7. august 2004. Henta 16. oktober 2017. 
  4. «London's Marquee Goes Live». Billboard.com. Henta 16. oktober 2017. 
  5. Brandle, Lars (18. februar 2008), «London’s Marquee Club Closes», Billboard (på engelsk), henta 13. januar 2025 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Marquee Club