Good Time Charlie's Got the Blues

Good Time Charlie's Got the Blues
av Danny O'Keefe
frå albumet O'Keefe
B-side

«The Valentine Pieces»

Språk engelsk
Utgjeve 1972
Sjanger Country
Lengd 3:01
Selskap Signpost
Komponist Danny O'Keefe
Tekstforfattar Danny O'Keefe
Låtskrivar(ar) Danny O'Keefe
Produsent Ahmet Ertegün
Danny O'Keefe-kronologi 
Good Time Charlie's Got the Blues «The Road»
(1972)


«Good Time Charlie's Got the Blues» er ein song skriven og framført av Danny O'Keefe.

Songen vart først spelt inn av O'Keefe i 1967, men ikkje gjeven ut då. Han vart spelt inn av The Bards og gjeven ut i 1968 som B-sida til songen «Tunesmith» på Parrot Records. The Bards var eit band frå Moses Lake i Washington.[1] Songen vart spelt inn av O'Keefe for debutalbumet hans i 1971.[2] Året etter spelte han inn ein langsamare versjon for det andre albumet sitt, O'Keefe.[3] Den andre versjonen vart gjeven ut på singel, og denne nådde niandeplassen på Billboard Hot 100-lista, femteplassen på adult contemporary-lista, og 63. plassen på country-lista.[4] Sonen vart òg spelt inn av Mel Tormé i 1986.

Songen er blitt spelt av mange andre artistar. Ein versjon av Leon Russell nådde 63. plassen på Billboard Hot Country Singles-lista i 1984.[5]

Utval innspelingar endre

Kjelder endre

  1. http://davidneale.eu/elvis/originals/list3.html#S1218
  2. Danny O'Keefe, Danny O'Keefe Henta 23. juni 2017.
  3. Danny O'Keefe, O'Keefe Henta 23. juni 2017.
  4. Danny O'Keefe's «Good Time Charlie's Got the Blues Chart Positions[daud lenkje] Henta 23. juni 2017.
  5. Whitburn, Joel (2013). Hot Country Songs 1944–2012. Record Research, Inc. s. 293. ISBN 978-0-89820-203-8. 
  6. Jerry Lee Lewis, Rockin' My Life Away Henta 23. juni 2017.