Goran Šprem (fødd 6. juli 1979) er ein kroatisk tidlegare handballspelar frå Dubrovnik. Han vart verdsmeister 2003 og olympisk meister 2004 med Kroatia sitt landslag. Šprem spelte venstrekant.

Goran Šprem


Statsborgarskap Kroatia
Fødd 6. juli 1979 (44 år)
Dubrovnik
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Karriere endre

Landslagsspel endre

Šprem var del av det suksessrike Kroatia-laget som vann gullmedalje ved verdsmeisterskapen 2003 og dei olympiske leikane 2004, og sidan fekk sølvmedalje i såvel handball-VM 2005 som i handball-VM 2009. Frå debuten i 1999 og fram 2009 deltok Šprem i 109 landskampar og skåra 277 mål.

Klubbspel endre

Šprem var aktiv for RK Zagreb periodane 1996-2001, 2002-04 og 2009-11. Jamleg vart han og laget nasjonal seriemeister, samt cupmeister. Åra 1998 og 1999 tok Zagreb-mannskapet seg til finalen i meisterligaen, begge gongane fekk det stryk av FC Barcelona. I oktober 2004 skreiv Šprem kontrakt med tyske Flensburg-Handewitt. Der fekk han lite speletid, grunna Lars Christiansen sitt gode spel. Etter kort tid i Melsungen hausten 2006, flytta han over til Nordhorn og vart der verande til 2009. I 2008 var han med å vinne med 60 mot 57 over danske FCK Håndbold i finalane i EHF-cupen. Etter sine siste to år som Zagreb-spelar, gjorde han teneste i tyske Gummersbach frå oktober 2011 til han la opp i januar 2013.

Merittar endre

Kjelder endre