Gråskimmel
Gråskimmel på rieslingdruer
Gråskimmel på rieslingdruer
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Rekkje: Sekksporesoppar Ascomycota
Underrekkje: Ekte sekksporesoppar Pezizomycotina
Klasse: Leotiomycetes
Orden: Helotiales
Familie: Sclerotiniaceae
Slekt: Botrytis
Art: Gråskimmel B. cinerea
Vitskapleg namn
Botrytis cinerea

Gråskimmel (Botryotinia cinerea) er ein type muggsopp som finst overalt der det vert dyrka frukt og grønt. Han gjer gjerne skade ved å gå til åtak på røter eller frukter. Men gråskimmel blir òg brukt til å dyrka fram eigne smakar i vin og ost.

Gråskimmel på jordbær.

Vin endre

I fuktig vêr over lengre tid kan gråskimmel infisera røtene til vinrankene slik at dei ikkje gjev druer. Men dersom den våte tida blir følgd av tørrare vêr kan ein få til sokalla «edel rote», Edelfäule på tysk, som gjer vinen søtare.

I dette tilfellet går Botryotinia cinerea til åtake på druene og lagar hol i skalet. Deretter fordampar noko av væska i druene, og dei vert dermed søtare og sterkare på smak. Vinen ein lager av desse druene kan brukast som dessertvin.

Frukt og grønt endre

Muggsoppen dukkar gjerne opp i lager på til dømes kål. På jordbærplantasjane er det gråskimmel som gjer mest skade.

Ost endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gråskimmel
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.