Grønkål
Grønkål (Brassica oleracea var. sabellica), òg kalla prydkål, bladkål eller kruskål, er ei gruppe av arten kål som har mørkegrøne eller blågrøne, krusete blad på utstrekte stenglar.[1] Grønkål er rikt på både jern, C-vitamin, A-vitamin og lutein.
Grønkål | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Krossblomordenen Brassicales |
Familie: | Krossblomfamilien Brassicaceae |
Stamme: | Brassiceae |
Slekt: | Kålslekta Brassica |
Art: | Kål B. oleracea |
Varietet: | Grønkål Brassica oleracea var. sabellica L., 1753 |
Grønkål er vinterherdig og kan stå ute i snøen og haustast etter behov.[1] Smaken kan bli mildare om planten blir utsett for frost, fordi lengre karbohydrat då blir omdanna til sukker.[2][3]
Bruk
endreGrønkål kan brukast rå i salat eller i smoothie. Han kan også varmebehandlast på ulike vis, som damping, koking og steiking. Kålet kan til dømes brukast i suppe, stuing, omelett og wokrettar. Kålblada kan også lagast om til chips.[2]
Grønkål er vanleg brukt som dekorasjon på julebord i heile Sverige. I sørlege Halland (og i nordvestre Skåne) er han endå viktigare ettersom han er hovudingrediensen i juleretten långkål.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «grönkål - Uppslagsverk - NE.se». www.ne.se (på svensk). Henta 27. januar 2018.
- ↑ 2,0 2,1 «Grønnkål», OFG (på norsk), henta 27. oktober 2020
- ↑ «grønnkål». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 12. april 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Grönkål» frå Wikipedia på svensk, den 27. oktober 2020.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Grønkål i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Grønkål hos The International Plant Names Index
- (en) Kategori:Brassica oleracea var. sabellica – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Brassica oleracea var. sabellica – detaljert informasjon på Wikispecies