Graemsay er ei øy i vestsenden av Scapa Flow i Orknøyane i Skottland. Det står to fyr på øya.

Graemsay
Geografi
Graemsay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°54′N 3°18′W / 58.9°N 3.3°W / 58.9; -3.3
Øygruppe Orknøyane

Areal 4,09 km²

Høgaste punkt West Hill (62 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane

Demografi
Folketal 21 (2001)
Folketettleik 5,1 /km²

Geografi

endre
 
Hoy fyr
 
Graemsay frå Hoy

Graemsay ligg mellom Hoy og StromnessMainland. Mellom øya og Mainland ligg Clestrain Sound. Øya har eit areal på 4,09 kvadratkilometer og består hovudsakleg av jordbruksland.

Geologisk består øya av gammal raud sandstein frå devontida med to vulkanske forkastingar. På nordsida finn ein granitt-skifer, noko som er sjeldan å sjå på Orknøyane.

Graemsay er omgjeve av kraftige tidvasstraumar, lokalt kalla roosts. Det går ferje mellom øya og Stromness og MoanessHoy.

Dyreliv

endre

Av fuglar på øya finn ein tjeld, sandlo, raudstilk og storspove. Delar av øya er i stor grad urørt natur.

Historie

endre

Som mange andre øyar i Orknøyane er det samband til keltisk kristendom, kanskje frå før-norrøn tid. Det finst restar frå to tidlege kyrkjer, tileigna St. Bride og St. Columba[1], som begge er helgenar av irsk opphav.

Det står to fyr på øya, Hoy High (nordaust) og Hoy Low (nordvest), begge bygde i 1851 av Alan Stevenson[2] for sildeindustrien på 1800-talet.

Nordvest for Point of Oxan i Burra Sound, ligg det søkkte skip, som vart søkkte med vilje under den andre verdskrigen for å blokkere innløpet til Scapa Flow

Skulen på øya lukka i 1996 og barna på øya må i dag ta båt til Stromness.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  2. «Graemsay website». Henta 14. mars 2010.