Grafisk profilering

Grafisk profilering er arbeidet med visuell marknadsføring av ei verksemd eller eit produkt gjennom heilskapleg grafisk design, det vil seie gjennom bilde og tekst som har ei felles visuell utforming. Produktet av dette arbeidet kallar ein grafisk profil, og det omfattar bruken av logoar og merke, fargar og skriftnettsider og trykksaker (visittkort, brosjyrer, annonser, plakatar og anna), profilerings- og reklameartiklar, skilt, uniformer, bildekor og liknande.

Grafisk profilering er visuell presentasjon og marknadsføring av varer, selskap og andre verksemder. Også statar kan bruke visuell design bevisst. Det mest tydelege dømet er nazi-Tyskland 1933–1945 der dei mange visuelle symbola til statsapparatet var sterkt prega av nazismens propagandaestetikk. Hitler-Tysklands riksvåpen bestod av «Riksørna» supplert med ein hakekross.

Omgrepet profilering kjem frå av ordet profil. Ein profil er noko som utmerkar seg på ein karakteristisk måte med særtrekk og eigenart. Behovet for profilering kjem når for eksempel ei bedrift eller organisasjon ønskjer å markere seg overfor kundar og medlemmer, og vil framstå tydeleg og gjenkjenneleg, einskapleg og velorganisert. Ein grafisk profil kan også styrke bedriftskulturen og opplevinga dei tilsette har av einskap. Nye profilar kan dessutan gi signal om generell fornying og nye mål for verksemda.

Grafisk profilering blir oftast utført av reklamebyrå som utarbeider ein stilmanual, som er ei nøyaktig oppskrift eller eit sett med retningslinjer for den visuelle framtoninga til verksemda. Store bedrifter har strenge detaljreglar for korleis dei visuelt skal profilere seg og framstå utåt.

engelsk blir ein grafisk profil ofte kalla corporate identity.

Sjå au endre