Grand Funk av Grand Funk Railroad

Grand Funk
Studioalbum av Grand Funk Railroad
Språk engelsk
Utgjeve 29. desember 1969
Innspelt 10-21. oktober 1969
Sjanger Hardrock, psykedelisk rock
Lengd 48:25
Selskap Capitol 406
Produsent Terry Knight
Grand Funk Railroad-kronologi 
On Time
(1969)
Grand Funk Closer to Home
(1970)
Singlar frå Grand Funk
  1. «Mr. Limousine Driver»/«High Falootin' Woman»
    Utgjeve: November 1969
  2. «Heartbreaker»/«Please Don't Worry»
    Utgjeve: Februar 1970

Grand Funk er det andre studioalbumet til Grand Funk Railroad og vart gjeve ut i desember 1969 av Capitol Records. Det vart produsert av Terry Knight med Ken Hamann som lydteknikar. Albumet vert òg kalla The Red Album, og selde til gullplate, den første for gruppa. Albumet inneheld ein versjon av The Animals-songen «Inside Looking Out», som framleis er ein viktig del av konsertane til bandet i dag. Andre kjende songar frå albumet er «Got This Thing on the Move», «In Need» og «Paranoid». Bilete av bandet på innsida av omslaget av den originale LP-utgåva vart nytta for den no kjende, enormt store reklameplakaten til 100 000 USD på Times Square i New York City for å marknadsføre det neste albumet, Closer to Home (1970).

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars [1]
Robert ChristgauC[2]

Grand Funk vart opphavleg gjeve ut på Capitol Records på LP, kassett, 8-spors lydband og lydband. Den originale lydbandversjonen innehled forkorta versjonar av «Got This Thing on the Move», «Please Don't Worry», «Mr. Limousine Driver» og «Inside Looking Out», som ikkje finst andre stader.

I 2002 vart Grand Funk mastra med ny lyd og bonusspor, og gjeve ut i den avgrensa plateboksen Trunk of Funk, som inneheld dei fire første albuma til bandet.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Mark Farner, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Got This Thing on the Move»4:38
2.«Please Don't Worry (Don Brewer, Farner)»4:19
3.«High Falootin' Woman»3:00
4.«Mr. Limousine Driver»4:26
5.«In Need»7:52
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Winter and My Soul»6:38
7.«Paranoid»7:50
8.«Inside Looking Out»9:31
Bonusspor på 2002-utgåva
Nr.TittelLengd
9.«Nothing is the Same»5:39
10.«Mr. Limousine Driver» (Remix)5:28

Musikarar endre

  • Mark Farner – gitarar, klaverinstrument, munnspel, solovokal
  • Mel Schacher – bass
  • Don Brewer – trommer, solovokal

Lister endre

Album

År Liste Plassering
1970 Billboard 200 11[3]
Australia 13[4]
Canada 9[5]

Singlar

År Singel Liste Plassering
1969 «Mr. Limousine Driver» Billboard Hot 100 97[6]
Canada 92

Kjelder endre