Inside-Looking Out

(Omdirigert frå Inside Looking Out)
Inside-Looking Out
Singel av The Animals
frå albumet Animalization
B-side

«Outcast»
«You're On My Mind» (USA)

Utgjeve 1966
Sjanger Hardrock
Lengd 3:45
Selskap Decca F12332
MGM 13468 (USA)
Låtskrivar(ar) J. Lomax, A. Lomax, Burdon, Chandler
Produsent Tom Wilson
The Animals-kronologi 
«It's My Life»
(1965)
Inside-Looking Out «Don't Bring Me Down»
(1966)


«Inside-Looking Out», ofte skriven «Inside Looking Out», er ein singel frå 1966 av The Animals. Han vart ein stor hit i Storbritannia og nådde 12. plassen der, 21. plass i Canada og 34. plass i USA.

I 1969 vart han spelt inn av Grand Funk Railroad, som på albumet sitt Grand Funk la til referansar til marihuana i teksten. Ei omarbeiding vart òg gjort av det austerrikske rockebandet Novak's Kapelle i 1969 som «Hypodermic Needle». Han vart seinare spelt inn av doom-metal-bandet The Obsessed i 1999 og igjen av The Greenhornes i 2001.

Andre artistar som har spelt songen er Fringe, Gerry Joe Weise, The Mops og Layabouts. Ein sample frå Grand Funk-versjonen er nytta i songen «High 5 (Rock The Catskills)» på Beck-albumet Odelay.

Kjelder

endre