Grann
Eit grann, av norrønt grand, truleg opphavleg 'noko knust', jamfør engelsk to grind, 'å knuse', er ei uttrykk for ei svært lita mengd. Ordet var i eldre tid den minste masseeininga. Eit grann (i eldre rettskriving gran) tilsvarte i Noreg 3,8 milligram.
Som pengevekt var utgangspunktet noko lettare, slik at grannet berre vog om lag 3,6 milligram, medan apotekarane brukte medisinalvekt og opererte med såkalla nürenberggran, som vog 62 milligram (0,062 g).
Kjelder
endre- Språkrådet: «Åtte potter rømme, fire merker smør – Om gammalt mål og gammal vekt», I: Språknytt. Nr 4, 2006.
- Nynorskordboka
- Kristian IVs norske lov av 1604 Arkivert 2005-01-01 ved Wayback Machine.
- Norsk Forlishistorisk ForeningGamle danske måleenheter Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.