Granvin kyrkje er ei tømra langkyrkje frå 1726, som ligg i Voss herad i Vestland ved austsida av Granvinsvatnet, ved riksveg 13. Kyrkja erstatta Granvin stavkyrkje som måtte rivast grunna råte i 1720-åra. Fyrste gong Granvinskyrkja er nemnd i skriftlege kjelder er i 1306.

Granvin kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Voss
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Granvin
Fellesråd Granvin
Type Langkyrkje
Material Tre
Innvigd 1726
 - Endringar 1853, nytt tårn
1911, nytt våpenhus
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 350
Kart
Granvin kyrkje
60°33′19″N 6°43′55″E / 60.55527778°N 6.73194444°E / 60.55527778; 6.73194444
Wikimedia Commons: Granvin kyrkje

Kyrkja blei freda av Riksantikvaren i 2012.[1]

Inventar endre

Kyrkja har ein del eldre inventar, døypefonten og eit alterskåp er frå mellomalderen og eit krusefiks og kyrkjeklokker er frå 1500-talet.

Kyrkja var opphavleg dekorert med veggmåleri av figurar og hendingar frå bibelsoga innvendig, men dei vart kalka over på 1800-talet. I 1926 vart kyrkja på nytt dekorert innvendig, no med rosemåling av kunstnaren Lars Osa frå Ulvik. Altertavla er måla av Nils Bergslien, og viser Jesus i tempelet som tolvåring og er frå 1911.

Kjelder endre

  1. Granvin kyrkje freda frå Riksantikvaren (Vitja 21. januar 2014)

Bakgrunnsstoff endre

Vidare lesnad
  • Alfred Hamre: Granvin kyrkje : festskrift utgjeve i høve 250 års høgtida : 1726-1976, Granvin sokneråd 1976
      Denne kyrkjeartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.