Grassongarar

familie av sporvefuglar

Grassongarar er ein biologisk familie av små sporvefuglar, ei gruppe på rundt 145 songarar som hovudsakleg lever i varmare og sørlege delar av «den gamle verda».

Grassongarar
Gyllengrassongar, Cisticola exilis Foto: Sudhir Shivaram
Gyllengrassongar, Cisticola exilis
Foto: Sudhir Shivaram
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Grassongarar Cisticolidae
Sundevall, 1872

Denne familien stammar truleg frå Afrika der ein finn dei fleste artane, men det lever representantar for familien på tvers av tropisk Asia inn i Australasia, og ein art, cistussongar, hekkar til og med i Europa.

Desse er generelt mykje små, lite iaugefallande fuglar i dominerande brun eller grå farge. Ein finn grassongarar i ope landskap som grassletter eller krattskog. Dei er ofte vanskelege å observere, og mange artar er mykje like i utsjånad, derfor er ofte songen beste nøkkelen til identifisering.

Dette er insektetande fuglar som hekkar lågt i vegetasjonen.

Utanom den største slekta Cisticola av grassongarar og cistussongarar, samlar familien 25 andre slekter, mellom anna jeriar, apalisar, smettsongarar, priniaer, skredderfuglar og eremomelaer.

Grassongarar er ofte inkludert i songarfamilien, Sylviidae.

Artslista

endre

Grassongarar, Cisticolidae, i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Slekt Neomixis
  • Grånakkejeri, Neomixis tenella, Common Jery, (Hartlaub, 1866), (LC)
  • Grønjeri, Neomixis viridis, Green Jery, (Sharpe, 1883), (LC)
  • Stripestrupejeri, Neomixis striatigula, Stripe-throated Jery, Sharpe, 1881, (LC)

Slekt Cisticola, 51 artar

Slekt Incana
  • Sokotragrassongar, Incana incana, Socotra Warbler, (Sclater, PL & Hartlaub, 1881), (LC)

Slekt Prinia, ca. 28 artar priniaer

Slekt Schistolais
  • Kvitstrupeprinia, Schistolais leucopogon, White-chinned Prinia, (Cabanis, 1875), (LC)
  • Kvitaugeprinia, Schistolais leontica, Sierra Leone Prinia, (Bates, GL, 1930), (EN)
Slekt Phragmacia
  • Namaquaprinia, Phragmacia substriata, Namaqua Warbler, (Smith, A, 1842), (LC)
Slekt Oreophilais
  • Sotprinia, Oreophilais robertsi, Roberts's Warbler, (Benson, 1946), (LC)
Slekt Micromacronus
  • Gulfrynsesongar, Micromacronus leytensis, Visayan Miniature Babbler, Amadon, 1962, (DD)
  • Gråfrynsesongar, Micromacronus sordidus, Mindanao Miniature Babbler, Ripley & Rabor, 1968, (NT)
Slekt Urolais
  • Grønsongar, Urolais epichlorus, Green Longtail, (Reichenow, 1892), (LC)
Slekt Oreolais
  • Rustsideapalis, Oreolais pulcher, Black-collared Apalis, (Sharpe, 1891), (LC)
  • Rwenzoriapalis, Oreolais ruwenzorii, Rwenzori Apalis, (Jackson, FJ, 1904), (LC)
Slekt Drymocichla
  • Brunvengsongar, Drymocichla incana, Red-winged Grey Warbler, Hartlaub, 1881, (LC)
Slekt Spiloptila
  • Sirissongar, Spiloptila clamans, Cricket Warbler, (Cretzschmar, 1826), (LC)
Slekt Phyllolais
  • Akasiesongar, Phyllolais pulchella, Buff-bellied Warbler, (Cretzschmar, 1830), (LC)

Slekt Apalis, 24 artar apalisar

Slekt Malcorus
  • Rustøyreprinia, Malcorus pectoralis, Rufous-eared Warbler, Smith, A, 1829, (LC)
Slekt Hypergerus
  • Pirolsongar, Hypergerus atriceps, Oriole Warbler, (Lesson, R, 1831), (LC)
Slekt Eminia
Slekt Camaroptera
  • Villnissongar, Camaroptera brachyura, Green-backed Camaroptera, (Vieillot, 1821), (LC)
  • manglar norsk namn, Camaroptera brevicaudata, Grey-backed Camaroptera, (Cretzschmar, 1830), ()
  • Grønhalesongar, Camaroptera harterti, Hartert's Camaroptera, Zedlitz, 1911, (LC)
  • Blåflekksongar, Camaroptera superciliaris, Yellow-browed Camaroptera, (Fraser, 1843), (LC)
  • Olivenryggsongar, Camaroptera chloronota, Olive-green Camaroptera, Reichenow, 1895, (LC)
Slekt Calamonastes
  • Gråsmettsongar, Calamonastes simplex, Grey Wren-Warbler, (Cabanis, 1878), (LC)
  • Miombosmettsongar, Calamonastes undosus, Miombo Wren-Warbler, (Reichenow, 1882), (LC)
  • Sebrasmettsongar, Calamonastes stierlingi, Stierling's Wren-Warbler, Reichenow, 1901, (LC)
  • Krattsmettsongar, Calamonastes fasciolatus, Barred Wren-Warbler, (Smith, A, 1847), (LC)
Slekt Euryptila
  • Ravinesongar, Euryptila subcinnamomea, Cinnamon-breasted Warbler, (Smith, A, 1847), (LC)
Slekt Bathmocercus
  • Svarthovudrustsongar, Bathmocercus cerviniventris, Black-headed Rufous Warbler, (Sharpe, 1877), (DD)
  • Maskerustsongar, Bathmocercus rufus, Black-faced Rufous Warbler, Reichenow, 1895, (LC)
Slekt Scepomycter
Slekt Orthotomus
Slekt Artisornis
Slekt Poliolais
  • Kvithalesongar, Poliolais lopezi, White-tailed Warbler, (Alexander, 1903), (NT)

Slekt Eremomela, 11 artar eremomelaer

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

endre