Apalis
slekt av sporvefuglar
Apalisar er små sporvefuglar som høyrer til slekta Apalis. Dei finst i skog og kratt i dei fleste delar av Afrika sør for Sahara.[1] Dette er slanke fuglar med lange halar og har eit tynnt nebb godt eigna til å fange insekt. Dei er vanlegvis brune, gråe eller grøne over og fleire artar har sterke farger på undersida. Hannar og hoer er som regel like i utsjånad, men hannane er nokre gonger ljosare.[1]
Apalis | |
Gulbrystapalis, Apalis flavida Foto: Steve Garvie
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Grassongarar Cisticolidae |
Slekt: | Apalis Swainson, 1833 |
Apalisar var tradisjonelt klassifisert i songarfamilien, Sylviidae, men er no vanlegvis plassert saman med fleire andre slekter av hovudsakleg afrikanske songarar, i ein eigen familie Cisticolidae.[2]
Artslista
endreAlle artar i slekta Apalis i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2019[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]
- Ringapalis, A. thoracica, Bar-throated apalis, Shaw, 1811, (LC)
- Taitaapalis, A. fuscigularis, Taita apalis, Moreau, 1938, (CR)
- Gulstrupeapalis, A. flavigularis, Yellow-throated apalis, Shelley, 1893, (EN)
- Namuliapalis, A. lynesi, Namuli apalis, Vincent, 1933, (NT)
- Svarthetteapalis, A. nigriceps, Black-capped apalis, Shelley, 1873, (LC)
- Svartstrupeapalis, A. jacksoni, Black-throated apalis, Sharpe, 1891, (LC)
- Kvitvengapalis, A. chariessa, White-winged apalis, Reichenow, 1879, (NT)
- Svartbrystapalis, A. binotata, Masked apalis, Reichenow, 1895, (LC)
- Kvithalsapalis, A. personata, Black-faced apalis, Sharpe, 1902, (LC)
- Gulbrystapalis, A. flavida, Yellow-breasted apalis, Strickland, 1852, (LC)
- Mosambikapalis, A. ruddi, Rudd's apalis, Grant, 1908, (LC)
- Skiferapalis, A. sharpii, Sharpe's apalis, Shelley, 1884, (LC)
- Sotapalis, A. rufogularis, Buff-throated apalis, Fraser, 1843, (LC)
- Sølvapalis, A. argentea, Kungwe apalis, Moreau, 1941, (LC)
- Bamendaapalis, A. bamendae, Bamenda apalis, Bannerman, 1922, (LC)
- Flodapalis, A. goslingi, Gosling's apalis, Alexander, 1908, (LC)
- Kaboboapalis, A. kaboboensis, Kabobo apalis, Prigogine, 1955, (NT)
- Brunstrupeapalis, A. porphyrolaema, Chestnut-throated apalis, Reichenow & Neumann, 1895, (LC)
- Brunmaskeapalis, A. chapini, Chapin's apalis, Friedmann, 1928, (LC)
- Svarthovudapalis, A. melanocephala, Black-headed apalis, Fischer & Reichenow, 1884, (LC)
- Chirindaapalis, A. chirindensis, Chirinda apalis, Shelley, 1906, (LC)
- Gråapalis, A. cinerea, Gray apalis, Sharpe, 1891, (LC)
- Brunhovudapalis, A. alticola, Brown-headed apalis, Shelley, 1899, (LC)
- Tygleapalis, A. karamojae, Karamoja apalis, van Someren, 1921, (VU)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Apalis» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2010
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Sinclair, Ian; Ryan, Peter (2003). Birds of Africa south of the Sahara. Struik. s. 512, 540. ISBN 1-868-72857-9.
- ↑ Roberson, Don. «Cisticolas & Allies Cisticolidae». Arkivert frå originalen 21. april 2007. Henta 10. oktober 2010.
- ↑ Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 14. september 2020
- ↑ Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/