Grastjønnaks
Grastjønnaks (Potamogeton gramineus) er ei plante i tjønnaksslekta i tjønnaksfamilien.[1] Arten er sirkumpolar.[2]
Grastjønnaks | |
Grastjønnaks | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vassgroordenen Alismatales |
Familie: | Tjønnaksfamilien Potamogetonaceae |
Slekt: | Tjønnaksslekta Potamogeton |
Art: | Grastjønnaks P. gramineus |
Vitskapleg namn | |
Potamogeton gramineus |
I Noreg er arten heimleg på grunt og stille vatn. Arten er vanleg over det meste av landet, men berre spreiddd på Sørlandet og Vestlandet.[2] I Raudlista 2021 er arten rekna som livskraftig (LC).[3]
Grastjønnaks dannar hybridar med fleire av dei andre artane i slekta.[2] Mest utbreidd er hybriden med blanktjønnaks (P. gramineus × P. lucens eller P. ×zizii, òg kalla P. ×angustifolius)[4], som har fått sitt eige normerte norske namn glanstjønnaks.[5] Hybriden med tjønnaks (P. gramineus × P. natans eller P. ×sparganiifolius)[6] er funnen spreidde stader nær kysten frå Østfold til Finnmark. Ein hybrid med rusttjønnaks (P. alpinus × P. gramineus eller P. ×nericius)[7] er funnen somme stader på Austlandet nord til Oppdal. I innlandet på Austlandet og spreidd langs kysten til Aust-Finnmark er det registrert funn av hybriden med hjartetjønnaks (P. gramineus × P. perfoliatus eller P. ×nitens).[8] Det er òg gjort funn i Trøndelag av ein hybrid mellom dei tre artane grastjønnaks, blanktjønnaks og hjartetjønnaks (P. gramineus × P. lucens × P. perfoliatus eller P. ×torssanderi).[9]
Kjelder
endre- ↑ «Artsdatabanken: Grastjønnaks». Artsdatabanken. Henta 21. februar 2024.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 175.
- ↑ «Raudlista: Grastjønnaks». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 21. februar 2024.
- ↑ «PoWO: Potamogeton × angustifolius». Plants of the World Online. Henta 21. februar 2024.
- ↑ «Artsdatabanken: Glanstjønnaks». Artsdatabanken. Henta 21. februar 2024.
- ↑ «PoWO: Potamogeton × sparganiifolius». Plants of the World Online. Henta 21. februar 2024.
- ↑ «PoWO: Potamogeton × nericius». Plants of the World Online. Henta 21. februar 2024.
- ↑ «PoWO: Potamogeton × nitens». Plants of the World Online. Henta 21. februar 2024.
- ↑ «PoWO: Potamogeton × torssanderi». Plants of the World Online. Henta 21. februar 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Potamogeton gramineus hos Artsdatabanken
- (en) Potamogeton gramineus – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Potamogeton gramineus i Encyclopedia of Life
- (en) Potamogeton gramineus i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Potamogeton gramineus hos Dyntaxa
- (en) Potamogeton gramineus hos ITIS
- (en) Potamogeton gramineus hos NCBI
- (en) Potamogeton gramineus hos The International Plant Names Index
- (en) Potamogeton gramineus hos Tropicos
- (en) Kategori:Potamogeton gramineus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Potamogeton gramineus – detaljert informasjon på Wikispecies