Rusttjønnaks (Potamogeton alpinus) er ei plante i tjønnaksslekta i tjønnaksfamilien.[1] Arten er nordleg sirkumpolar. I Noreg er det nominatunderarten ssp. alpinus som veks.[2]

Rusttjønnaks
Rusttjønnaks
Rusttjønnaks
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vassgroordenen Alismatales
Familie: Tjønnaksfamilien Potamogetonaceae
Slekt: Tjønnaksslekta Potamogeton
Art: Rusttjønnaks P. alpinus
Vitskapleg namn
Potamogeton alpinus

I Noreg er arten heimleg på grunne område i ferskvatn over det meste av landet.[2] I Raudlista 2021 er arten rekna som livskraftig (LC).[3]

Ein hybrid med grastjønnaks (P. alpinus × P. gramineus eller P. ×nericius)[4] er funnen somme stader på Austlandet nord til Oppdal. Hybriden med hjartetjønnaks (P. alpinus × P. perfoliatus eller P. ×prussicus)[5] er funnen på Austlandet og ved Farsund.[2]

Kjelder

endre
  1. «Artsdatabanken: Rusttjønnaks». Artsdatabanken. Henta 21. februar 2024. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 175. 
  3. «Raudlista: Rusttjønnaks». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 21. februar 2024. 
  4. «PoWO: Potamogeton × nericius». Plants of the World Online. Henta 21. februar 2024. 
  5. «PoWO: Potamogeton × prussicus». Plants of the World Online. Henta 21. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre