Gravminne
(Omdirigert frå Gravmæle)
Gravminne er markeringar av ein gravstad. Dei kan vera alt frå enkle, forgjengelege gjenstandar, som trekrossar, til veldige konstruksjonar, som pyramidar og mausoleum.
I dag lagar ein typisk gravminne i stein eller jern med namnet, fødsels- og dødsdatoen til den avdøde, og kanskje ein liten tekst om han. Ofte er det også ei kunstnarisk ramme rundt gravminnet.
Gravminne i Noreg
endreI Noreg er gravrøyser og gravhaugar dei eldste gravminna. Dei kravde stor arbeidsinnsats, og blei truleg berre laga for høgtståande personar.